Gyrid Nordal Kaldestad
Om
Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og utøvar frå øya Stord i Sunnhordland . Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal / song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Ho har arbeida som komponist og musikar i teater- og danseførestillingar der liveelektronikk og elektroakustiske lydbilete har vore ein sentral del av uttrykket. Hennar samarbeidspartnarar de seinaste åra er den Montreal-baserte slagverkskvartetten Architek Percussion, og den London-baserte fiolinisten Mira Benjamin, samarbeidsprosjekt med Are Lothe Kolbeinsen og Anne Hytta i trioen Kaldestad. Den 1.november 2019 starta ho som kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.
Det som er mellom
- å komponere eit rom
Chronological time runs naturally, but the music creates the idea that time does not exist any longer, it becomes space.
(Gyorgy Ligeti)
Det er det romlege fokuset som vil fungere som ei overbygning for mitt prosjekt. Det er dei gongene at tid og rom blir oppheva eg har fått dei største kunstopplevingane, særskilt i form av musikk, dans og scenekunst. Spørsmålet eg stiller meg i mitt stipendiatprosjekt er:
• Korleis kan eg utvikle verk der eg utforskar spenninga i ulike uttrykk slik at eg skapar noko som er uføreseieleg, dynamisk og overraskande?
Til grunn for alt eg gjer ligg ei sterk dragning mot abstrakt historieforteljing. Kan eg bruke dei elementa eg har til rådvelde til å fortelje ei historie utan å bruke for mange ord?
Stikkord for dette arbeidet kan være å prøve å finne ein musikalsk poesi, ei form for historieforteljing gjennom lyd, lys, rørsle og tekstfragment.
Kan verket, med sine lydlege og visuelle element samt brokkar av tekst fortelje ei historie som gir meining? Eg ønskjer å forske i dette landskapet. Gjennom konkrete prosjekt i løpet av stipendperioden kjem eg til å utforske ulike arbeidsmetodar, både som verk som inkluderer utøvarar som grensar over mot installasjon, og gjennom installasjonar som tar i bruk lyd, lys, sensorteknologi og tekst.
Eg kjem i prosjektet til å arbeide med lydminner/ sanseminner. Eg vil gjennom tekstar skrive meg fram til historier knytt til ulike minner eg har, med særskilt fokus på minner om lyd.
Eg kjem også til å kople arbeidet med lyd -og sanseminner opp mot teoriar om korleis minnet vårt fungerer, og kva den aukande mengda av sanseintrykk og visuelle/lydelege stimuli i kvardagen kan gjere med måten me lagrar minner på. Dette arbeidet kjem til å bli brukt som utganspunkt og inspirasjon til meir poetiske tekstar brukt i dei ulike verka.
Publikasjoner
2019
-
Dahlsveen, Heidi;
Kaldestad, Gyrid Nordal.
(2019)
Vår - en forestilling med Mimesis Heidi Dahlsveen og Gyrid Nordal Kaldestad.
Musikalsk fortellerforestilling
Annen presentasjon
-
Brandtsegg, Øyvind;
Engum, Trond;
Waadeland, Carl Haakon;
Duch, Michael Francis;
Kaldestad, Gyrid Nordal;
Puckette, Miller.
(2019)
Poke it with a stick / Joining the bots.
Musikk - innspillingsprodukt
-
Dahlsveen, Heidi;
Kaldestad, Gyrid Nordal.
(2019)
Vår - en forestilling med Mimesis Heidi Dahlsveen og Gyrid Nordal Kaldestad.
Musikalsk fortellerforestilling
Annen presentasjon
2017
-
Brandtsegg, Øyvind;
Ratkje, Maja Solveig Kjelstrup;
Wærstad, Bernt Isak;
Kaldestad, Gyrid Nordal;
Habbestad, Bjørnar.
(2017)
Crossadaptive konsert Mustekdagene NMH 2017.
Musikalsk framføring
Kunstneriske produksjoner
-
Brandtsegg, Øyvind;
Ratkje, Maja Solveig Kjelstrup;
Wærstad, Bernt Isak;
Kaldestad, Gyrid Nordal;
Habbestad, Bjørnar.
(2017)
Crossadaptive konsert Mustekdagene NMH 2017.
Musikalsk framføring
UTSTILLING
-
Dahlsveen, Heidi;
Kaldestad, Gyrid Nordal.
(2019)
Vår - en forestilling med Mimesis Heidi Dahlsveen og Gyrid Nordal Kaldestad.
Musikalsk fortellerforestilling
Annen presentasjon
-
Dahlsveen, Heidi;
Kaldestad, Gyrid Nordal.
(2019)
Vår - en forestilling med Mimesis Heidi Dahlsveen og Gyrid Nordal Kaldestad.
Musikalsk fortellerforestilling
Annen presentasjon
PRODUKT
-
Brandtsegg, Øyvind;
Engum, Trond;
Waadeland, Carl Haakon;
Duch, Michael Francis;
Kaldestad, Gyrid Nordal;
Puckette, Miller.
(2019)
Poke it with a stick / Joining the bots.
Musikk - innspillingsprodukt