Bakgrunn og aktiviteter

Eg er førsteamanuensis i rådgjevingsvitskap ved Institutt for pedagogikk og livslang læring (IPL) og har både master og doktorgrad i rådgjevingsvitskap frå NTNU. Doktorgradsarbeidet mitt handla om korleis leiarar opplever å integrere element av coaching i leiarskapet sitt.

Eg er for tida programleiar for Bachelor i rådgjeving og vaksne si læring og underviser på denne bacheloren, i tillegg til å undervise på etterutdanningsemnet «Karriererådgivning for privat og offentlig virksomhet» og å vegleiie og undervise på master i rådgjevingsvitskap.

Eg underviser i tema som gruppeutvikling, etikk og profesjonalitet, humanistisk-eksistensialistisk rådgjevingsteori, fenomenologisk-hermeneutisk metode, og verdiar og beslutningsprosessar. Alt dette med vegleiing, coaching, mentoring og karrierevegleiing som kontekst.  

Forskingsmessig er eg for tida opptatt av korleis ein kan legge til rette for godt samarbeid i team og korleis ein kan hjelpe studentar til å utvikle vitskapeleg tenking gjennom skriving i akademia.

Faglege interesser

  • Etikk og profesjonalitet i rådgjeving
  • Gruppedynamikk og gruppevegleiing/team-utvikling
  • Person-sentrert teori
  • Relasjons-sentrert utdanning
  • Akademisk skriving  

Pågåande forskningsprosjekt

  • Å trene på å gi tilbakemeldingar i team, forsking på fokusgruppedata frå tverrfaglege student-team i «Eksperter i Team»
  • Vilkår for relasjonsbygging i digitale læringsmiljø, basert på fokusgruppedata/refleksjonsloggar frå eit vidareutdanningsemne
  • U-kirke Trondheim: samskaping av ein kirkeleg arena for unge i Trondheim

Forskargruppetilhørigheit

 

 

 

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Del av bok/rapport

  • Kvalsund, Ragnvald; Roald, Gunhild Marie. (2019) Sjølvinnsikt i eit relasjonsperspektiv. Selvinnsikt og profesjonalitet.
  • Roald, Gunhild Marie. (2015) Coaching og coachende lederskap. Rådgivningsvitenskap Helhetlige rådgivningsprosesser: relasjonsdynamikk,vekst, utvikling og mangfold.

Rapport/avhandling

  • Roald, Gunhild Marie. (2016) When coaching flows into leadership: A phenomenological-hermeneutic study of leaders' lived experience of coaching leadership. 2016.
  • Roald, Gunhild Marie. (2009) Veiskillets metodikk - relasjonen og fellesskapet som grunnmur i boligsosialt arbeid. 2009.
  • Roald, Gunhild Marie. (2005) I fri flyt - en Q-metodologisk studie av flyt i arbeidsgrupper. 2005.