Strategi 2035 - Fakultet for arkitektur og design

Strategi 2026-2035

Fakultet for arkitektur og design

Strategi 2026-2035

Bygninger i blåtoner. Illustrasjon

Innledning AD strategi

Ved Fakultet for arkitektur og design (AD) utviklar vi kunnskap og praksisar som formar omgjevnadene menneske lever i, kvardagslivet og framtida. Gjennom faga våre skaper vi innsikt, stiller spørsmål og utviklar løysingar på komplekse samfunnsutfordringar.

Ved AD møtest mangfaldet i NTNU si forsking i praksis, og arkitektur, kunst, planlegging, eigedomsforvaltning og design formgir dei fysiske og estetiske rammene i samfunnet.  
Fakultetet sin strategi tek utgangspunkt i menneske sine erfaringar og handlingsrom, og i NTNU sine mål om å knyte saman menneske, teknologi og samfunn. Faga våre utgjer skapande og kritisk kunnskap, med kraft til å påverke og forme samfunnsutviklinga. 

Ambisjonane og måla våre forheld seg til ein ustabil verdsorden, uløyste problem knytte til klimaendringar, naturkriser, ressursmessige ulikskapar mellom nord og sør, destabiliserande politiske straumdrag og framveksande teknologiar vi enno ikkje skjønar rekkjevidda av. 

Vi ser også nasjonale utviklingstrekk som krev handling og omstilling, mellom anna demografiske endringar, aukande forskjellar mellom by og land og velferdsordningar i endring. Ein føresetnad for å lykkast med å realisere dei måla vi har sett oss er samarbeid: internt, på tvers av NTNU, og med eksterne samarbeidspartnarar. 

Strategien vår er forankra i følgjande prinsipper:

  • Betydninga av kvardagslivet: Vi ser menneskes kvardag som utgangspunkt for å forstå og forme berekraftige løysingar. 
  • Samskaping og ansvar: Vi er ein aktiv pådrivar i NTNU sitt arbeid med å løyse komplekse samfunnsutfordringar gjennom samskaping, etisk ansvarskjensle og samarbeid på tvers av fag og sektorar. 
  • Kreativitet og kvalitet: Vi brukar kunstnarisk verksemd, handverksbasert praksis, entreprenørskap og kreative metodar som verktøy for å utvikle kunnskap, utfordre etablerte løysingar og identifisere nye forskingsspørsmål. I samspelet mellom desse verktøya og kritisk refleksjon blir styrkt kvaliteten på arbeidet vårt. 
  • Berekraft og inkludering: Vi har eit heilskapleg syn på berekraft som omfattar miljø, samfunn og kultur og strategien understrekar ansvaret vi har for å utvikle inkluderande og framtidsretta løysingar. 

Innhold

Innhold

Relaterte ressurser

Ambisjoner

Ambisjonar

Ambisjon 1

Forskere ser mot ZEB laboratoriet
Foto: Eva H. Murvold/NTNU

AD skal vere internasjonalt anerkjent i tett samspel med NTNU sin hovedprofil

Fakultetet tilfører NTNUs teknisk-naturvitskaplege profil estetiske perspektiv og skapande praksisar som styrker samfunnsrelevans og samarbeid på tvers av fag og sektorar. Ei heilskapleg forståing av menneskesentrert teknologiutvikling ligg til grunn for fakultetet sitt særlege ansvar for å identifisere komplekse samfunnsutfordringar og utvikle tverrfaglege løysingar. 

Vårt forskings- og utviklingsarbeid innan transformasjon og sirkularitet, bygde miljø som er energipositive, smarte og berekraftige, menneskesentrert teknologi, etisk ansvarleg arkitektur og design, og kunstnarisk og kreativt entreprenørskap, gjer fakultetet internasjonalt leiande.  
Ved AD tek vi ei tydeleg rolle i å utforske og forme korleis kunstig intelligens og nye teknologiar påverkar og utviklar fagområda våre. Menneskesentrerte og deltakande prosjekt står sentralt i forskingsaktivitetane ved fakultetet. Samtidig integrerer vi meir-enn-menneskelege perspektiv og anerkjenner samspelet mellom menneskelege, ikkje-menneskelege og teknologiske aktørar. 

Vi har fleire internasjonalt framifrå forskingsmiljø. Vi leier og koordinerer både nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt og skaper arenaer for nytenking og innovasjon, lokalt, nasjonalt og globalt. Gjennom å demonstrere nye måtar å adressere store samfunnsspørsmål og uløyste problem på, styrker fakultetet NTNU sin posisjon som eit leiande internasjonalt universitet som lever opp til visjonen om kunnskap for ei betre verd. Dette skjer både gjennom vitskapleg forsking, praksis og kunstnarisk utviklingsarbeid. 

Gjennom utdanningane våre er vi ei drivkraft for samfunnsendring, og studieporteføljen skal vise retning for utviklinga av fagområda våre. Samspelet vårt med breidda av NTNUs fagområde bidreg til ein unik og attraktiv studieportefølje nasjonalt og internasjonalt. 

Utdanninga vår skal vere av høg kvalitet med nære koplingar til forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og innovasjon. Problem- og prosjektbasert læring gjennom kreative metodar står sentralt, og studentane våre engasjerer seg i problemstillingar som kan gi relevante løysingar på framtidas behov. Signaturpedagogikken vår vektlegg praktiske og skapande eksperiment, og vi siktar mot internasjonal anerkjenning for utvikling og forsking innan fagdidaktikk i fagområda våre. Vi skal styrke studentane våre med kreativ sjølvtillit og kritisk tenking for eit yrkesliv prega av læring og arbeid til fordel for framtidige generasjonar. 

Ambisjon 2

Studenter bygger
Foto: Matthieu Gaudé/NTNU

AD former fremtidas berekraftige samfunn

Fakultetet skal bidra til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling, setje dagsordenen overfor politikarar og beslutningstakarar og vere ei tydeleg stemme i det offentlege ordskiftet. 

Faga våre skal bidra til å bremse klima- og naturkrisene og byggje eit samfunn med høgare motstandskraft og betre kriseberedskap. AD vil bruke dei globale nettverka sine til å samarbeide om og støtte den grøne omstillinga og til å fremje både klimarettferd og klimarettar. Økonomisk og klimaorientert berekraft blir sikra gjennom løysingar som balanserer kostnader, kvalitet og ressursbruk, og grøn omstilling blir styrkt gjennom arbeid med energi, ombruk, sirkularitet og transformasjon. Vi inngår partnarskap for å utvikle kunnskap og løysingar som støttar berekraftig samfunnsutvikling og klimatilpassing. 

Vi bruker kompetansen vår i formgiving, estetikk og visuelle og romlege uttrykk for å skape løysingar som er berekraftige, sosialt inkluderande og vakre. Kunst og estetikk har kraft til å skape forståing, påverke og motivere til handling og fungerer i tillegg som beredskap. 

AD styrker samspelet mellom teknologi, menneske og natur for å forbetre kvaliteten på våre omgjevnader og bygde miljø. Vi arbeider med sosial berekraft ved å møte demografiske endringar og utfordringar i offentlege tenester. AD skal bidra til å styrkje berebjelkane i velferdssamfunnet, og gjennom kunnskapsbygging innan design, arkitektur og planlegging skal vi bidra til betre inkludering i samfunnet. 

Vi sørger for at ny kunnskap blir spreidd gjennom formidling og blir teken i bruk i samarbeid mellom fagmiljøa våre, forskingsinstitutt, næringslivet, offentleg sektor og sivilsamfunnet. Dei arbeidslivsrelevante utdanningane våre blir vidareutvikla gjennom partnarskap med eksterne aktørar, og alumnane til fakultetet er våre beste ambassadørar.  

AD samarbeider med partnarar regionalt, nasjonalt og internasjonalt og skal spele ei nøkkelrolle ved NTNU i å utvikle likeverdige samarbeid med låg- og mellominntektsland. 

Ambisjon 3

Foto fra allmøte på Skiboli
Foto: Eva H. Murvold/NTNU.

AD skal vere eit attraktivt og inkluderande akademisk fellesskap

Vi bygger kulturen vår på kollektive tilnærmingar, respekt og samarbeid. Fakultetet utmerker seg gjennom sterke faglege fellesskapar, programdriven utvikling av studieporteføljen og arenaene våre for samhandling i eit kreativt studiemiljø. 

Vi skal rekruttere vitskapleg tilsette med høg fagleg og akademisk kompetanse. Dei skal velje AD fordi vi tilbyr fagmiljø som utmerker seg på nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, med si evne til å identifisere avgjerande forskingsspørsmål, og måtar å svare på dei på. Rekruttering og utviklinga av dei tilsette skal bygge på kvalitet, samspel og ein sterkt fagleg fellesskap. 

Studentane våre vel NTNU og Fakultet for arkitektur og design fordi det å studere her betyr å vere del av eit læringsmiljø prega av tverrfaglegheit og av høge ambisjonar. Studentane skal oppleve at undervisninga er kopla til pågåande forsking, og dei skal oppleve fagleg utvikling i eit inspirerande miljø. Som ferdige kandidatar skal dei gle seg over tida dei var studentar ved AD, og sjå nytta i å ha studert faga våre. Alle tilsette ved fakultetet, uansett stillingstype, skal ha moglegheiter for karriereutvikling og oppleve å vere del av ein større fellesskap som skaper resultat saman.  

Fakultetet skal styrke og spreie kunnskap om korleis komplekse samfunnsutfordringar kan møtast med kritisk forståing og kreative, skapande ferdigheiter. Dette gir oss ei tydeleg fagleg stemme og gjer oss til ein attraktiv samarbeidspartnar for andre fagmiljø, institusjonar og samfunnsaktørar. 

Forutsetninger for å lykkes

Føresetnader for å lykkas

NTNU sine verdiar ligg til grunn for alt vi gjer. Samtidig er akademisk fridom, engasjerande lærings- og arbeidsmiljø, formålstenleg infrastruktur og ein samarbeidande organisasjon avgjerande føresetnader for å nå ambisjonane våre.

Premisser for forutsetninger

Akademisk fridom

Å sikre sjølvstende og integritet ved å bestemme sjølv kva ein ser som fagleg viktig og kva problemstillingar ein ønskjer å utforske, er grunnleggjande i akademisk fridom. Dette gjeld likeverdig for vitskapleg forsking og for kunstnarisk utviklingsarbeid. Akademisk fridom betyr også å kunne offentleggjere resultat i dei formene og arenaene som blir opplevde relevante. AD skal bidra til akademisk og kunstnarisk fridom gjennom kjerneaktivitetane våre, etter dei normene for ærlegdom og kvalitet som gjeld for våre fagområde.

Engasjerande lærings- og arbeidsmiljø

Fagleg utvikling skjer i fellesskap, i diskusjonar mellom kollegaer og samtalar mellom undervisarar og studentar om spørsmål som er relevante for fagfeltet. Våre tilsette skal oppleve arbeidsplassen som engasjerande og inkluderande. Studentane våre skal kjenne tilknyting til fagmiljøet og oppleve å bli sett, høyrt og få ansvar.

Formålstenleg infrastruktur

Hovuddelen av dei faglege aktivitetane våre er praktisk utforskande og romleg orienterte. Forsking, utviklingsarbeid og undervisning er avhengig av gode fysiske rammer – teiknesalar, studio, verkstader og laboratorium for pilotering, testing og trening av ferdigheiter. Vi er også avhengige av digitale verktøy til støtte for bearbeiding, berekning og raffinering. For å leggje til rette for tverrfagleg samarbeid og kompetanseutveksling søkjer vi felles robuste løysingar for infrastrukturen ved fakultetet.

Samarbeidande organisasjon

Å lykkast fagleg på alle kjerneområda våre krev eit administrativt støtteapparat av høg kvalitet. Ved å tenke tverrfagleg i løysing av administrative oppgåver, styrker vi gjennomføringa og sikrar gode resultat. Gjennom samarbeid på tvers av institutt og mellom institutt og fakultetsnivå, styrker vi opplevinga av felles ansvar for god verksemdsstyring, i ein lærande og utviklingsorientert organisasjon.