Emne - Kvanteteorien for faste stoffer - TFY4210
Kvanteteorien for faste stoffer
Velg studieårVurdering og obligatoriske aktiviteter kan bli endret frem til 20. september.
Om
Om emnet
Faglig innhold
Feltkvantisering. Okkupasjonstals-representasjon for ikkje-relativistiske fermioniske og bosoniske mangepartikkelsystem. Vekselverkande elektrongass. Green-funksjonar. Mangepartikkel perturbasjonsteori og Feynman-diagram. Gittermodellar for fermion og spinn. Hubbard-modellen og Heisenberg-modellen. Spinnbølgjeteori for ferro- og antiferromagnetar. Elektron-fonon-kopling. Cooper-problemet og BCS-teorien for superleiing.
Læringsutbytte
Studentene skal få kjennskap til sentrale eksempel på feltteoriar og gittermodellar for system av vekselvirkande fermion, boson, og spinn, og lære å bruke relevante teoretiske begrep og metodar til å analysere forskjellige aspekt av desse modellane.
Meir spesifikt skal studentene mellom anna:
- beherske bruk av kreasjons- og annihilasjonsoperatorar for fermion- og bosonsystem;
- meistre Fourier- og Bogoliubov-transformasjoner for diagonalisering av kvadratiske Hamilton-operatorar;
- bli introdusert til mangepartikkel Greens-funksjonar og korleis desse er relatert til diverse storleikar av interesse;
- få ei innføring i perturbasjonsteori for mangepartikkelsystem, inkludert Feynman-diagram;
- få kjennskap til diverse andre metodar, t.d. spinnbølgjeteori;
- lære om sentrale begrep, inkl. kvasipartiklar, ordensparametrar og (brotne) symmetriar.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og frivillige rekneøvingar. Emnet vert undervist på engelsk dersom internasjonale mastergradsstudentar tek emnet. Forventa arbeidsinnsats i emnet er 225 timar.
Emnet har felles forelesningar med FY8302.
Mer om vurdering
Utsett eksamen (kontinuasjonseksamen i august) kan bli endra frå skriftleg til munnleg. Når undervising og undervisingsmateriell er på engelsk, kan det tenkjast at eksamen vil bli gjeven kun på engelsk.
Anbefalte forkunnskaper
Emna FY2045 Kvantemekanikk 1 og TFY4205 Kvantemekanikk 2, eller tilsvarande.
Kursmateriell
Informasjon om relevant litteratur vil bli gjeven i starten av emnet.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra |
---|---|---|
SIF4047 | 7,5 sp | |
FY8916 | 7,5 sp | Høst 2017 |
FY8302 | 7,5 sp | Høst 2021 |
Fagområder
- Fysikk
- Teknologiske fag