course-details-portlet

TEP4125 - Termodynamikk 2

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Mappevurdering
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Semesterprøve 20/100 D
Skriftlig eksamen 80/100 4 timer D

Faglig innhold

Termodynamikk for blandingar og blandingsprosessar. Fuktig luft, klimatisering. Eksergi, irreversibilitet, eksergianalyse. Kjemiske reaksjonar: Forbrenning, masse- og energiomsetnad, brennverdi, flammetemperatur, eksergi og irreversibilitet. Termodynamiske samanhengar; likningar som gjev samanheng mellom målbare eigenskapar (masse, volum, trykk, temperatur) og eigenskapar som ikkje kan målast (energi, entalpi, entropi m.m.). Termodynamikk for reelle gassar, gass- og væskeblandingar. Termodynamisk likevekt; kjemisk likevekt, ufullstendig forbrenning, danning av forureiningar; likevekt mellom faser.

Læringsutbytte

Kunnskapar:
Studenten får kunnskap om:
Inneklima, energibruk.
Termisk kraftproduksjon.
Forbrenning og forbrenningsprodukt.
Prosessar for næringsmiddelteknologi.
Gassprosessering, naturgassteknologi.
Energiutnytting.

Studenten får innsikt i:
- Termodynamikk for blandingar av ideelle gassar, inkludert fuktig luft.
- Forbrenning og andre reaksjonar.
- Termodynamikk for reelle gassar og blandingar av relle gassar.
- Termodynamiske samanhengar, eigenskapar og data.
- Eksergianalyse.
- Kjemisk jamvekt og fasejamvekt.

Ferdigheiter:
Studenten skal vere i stand til å:
- Finne termodynamiske eigenskapar for aktuelle stoff og blandingar.
- Definere og analysere termodynamiske system ved hjelp av hovudsetningane.
- Setje opp balansane for masse, energi, entropi og eksergi for tekniske system og finne dei storleikane som inngår.
- Bruke teorien til å løyse praktiske, ingeniørmessige problem.
- Bruke teorien til å forstå prosessar i natur og omgjevnader.
- Arbeide vidare med energitekniske og andre termodynamiske prosessar.

Generell kompetanse:
Studenten skal ha forståing for:
- Korleis ein brukar termodynamikk for gamle og nye problem.
- Korleis tabellar, diagram og data-program er laga og skal brukast.
- At termodynamikken er generell slik at den same basiskunnskapen går att i ulike tekniske innretningar og prosessar.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar. Rekneøvingar (individuelt eller i grupper) basert på Termodynamikk 1 og 2.

Obligatoriske aktiviteter

  • Øvinger

Mer om vurdering

Mappevurdering gjev grunnlag for sluttkarakteren i emnet. I mappa inngår skriftleg slutteksamen 80% og skriftleg semesterprøve (1 time) med 20%, samla vurdert etter prosentpoengmetoden. Ved utsett slutteksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen verte endra til munnleg eksamen. Gyldig fråver på semesterprøve gjev utsett prøve før utgangen av semesteret. Ved gjentak av emnet eit anna år, må både semesterprøva og slutteksamen takast på nytt. Godkjendt øvingsopplegg er gyldig i to år etter året det vart godkjendt.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Kursmateriell

Moran m.fl.: Fundamentals of Engineering Thermodynamics, 8th ed. (SI-utg.), Wiley. Notat om fasejamvekt. Notat om fuktig luft.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
SIO1030 7.5
Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  7.5 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2020

Forelesningstimer: 4
Øvingstimer: 4
Fordypningstimer: 4

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Energi- og prosessteknikk
  • Termodynamikk
  • Teknologiske fag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for energi- og prosessteknikk

Telefon:

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Mappevurdering

Termin Statuskode Vurderings-form Vekting Hjelpemidler Dato Tid Digital eksamen Rom *
Vår ORD Semesterprøve 20/100 D
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Skriftlig eksamen 80/100 D 29.05.2020 09:00
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU