course-details-portlet

TEP4125 - Termodynamikk 2

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Samlet karakter
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Skriftlig skoleeksamen 80/100 4 timer D
Hjemmeeksamen 20/100 60 minutter

Faglig innhold

Termodynamikk for blandingar og blandingsprosessar. Fuktig luft, klimatisering. Eksergi, irreversibilitet, eksergianalyse. Kjemiske reaksjonar: Forbrenning, masse- og energiomsetnad, brennverdi, flammetemperatur, eksergi og irreversibilitet. Termodynamiske samanhengar; likningar som gjev samanheng mellom målbare eigenskapar (masse, volum, trykk, temperatur) og eigenskapar som ikkje kan målast (energi, entalpi, entropi m.m.). Termodynamikk for reelle gassar, gass- og væskeblandingar. Termodynamisk likevekt; kjemisk likevekt, ufullstendig forbrenning, danning av forureiningar; likevekt mellom faser.

Læringsutbytte

Kunnskapar: Studenten får kunnskap om: Inneklima, energibruk. Termisk kraftproduksjon. Forbrenning og forbrenningsprodukt. Prosessar for næringsmiddelteknologi. Gassprosessering, naturgassteknologi. Energiutnytting. Studenten får innsikt i: - Termodynamikk for blandingar av ideelle gassar, inkludert fuktig luft. - Forbrenning og andre reaksjonar. - Termodynamikk for reelle gassar og blandingar av relle gassar. - Termodynamiske samanhengar, eigenskapar og data. - Eksergianalyse. - Kjemisk jamvekt og fasejamvekt. Ferdigheiter: Studenten skal vere i stand til å: - Finne termodynamiske eigenskapar for aktuelle stoff og blandingar. - Definere og analysere termodynamiske system ved hjelp av hovudsetningane. - Setje opp balansane for masse, energi, entropi og eksergi for tekniske system og finne dei storleikane som inngår. - Bruke teorien til å løyse praktiske, ingeniørmessige problem. - Bruke teorien til å forstå prosessar i natur og omgjevnader. - Arbeide vidare med energitekniske og andre termodynamiske prosessar. Generell kompetanse: Studenten skal ha forståing for: - Korleis ein brukar termodynamikk for gamle og nye problem. - Korleis tabellar, diagram og data-program er laga og skal brukast. - At termodynamikken er generell slik at den same basiskunnskapen går att i ulike tekniske innretningar og prosessar.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar. Sjølvstudium. Rekneøvingar (individuelt eller i grupper) basert på Termodynamikk 1 og 2. Bruke rekneark, Matlab eller Python for modellar og utrekningar.

Obligatoriske aktiviteter

  • Øvinger

Mer om vurdering

Sluttkarakteren vert sett på grunnlag av delvurderingar: Midtsemestereksamen (semesterprøve) 20% vekt og slutteksamen 80% vekt. Kvar delvurderingar får karakter (A-F).

Midtsemestereksamen er digital heimeeksamen (60 min). Du kan stå i emnet med F på midtsemestereksamen. Det vert arrangert utsett midtsemestereksamen for dei som har gyldig fråver (sjukdom o.l., som på andre eksamenar). Slutteksamen er skriftleg eksamen under tilsyn ("skuleeksamen", 4 timar). Du må stå på slutteksamen for å stå i emnet.

Ved utsett slutteksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen verte endra til munnleg eksamen. Ved gjentak av emnet eit anna år, må både semesterprøva og slutteksamen takast på nytt. Godkjendt øvingsopplegg er gyldig i eitt år etter året det vart godkjendt. Studentar med eldre øvingsopplegg må kontakte faglærar, som kan godkjenne heilt eller delvis på nytt.

Kursmateriell

Moran m.fl.: Principles of Engineering Thermodynamics (SI-utg.), Wiley. Notat om fasejamvekt. Notat om fuktig luft.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
SIO1030 7.5
Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  7.5 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2024

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Energi- og prosessteknikk
  • Termodynamikk
  • Teknologiske fag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for energi- og prosessteknikk

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Samlet karakter

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Vår ORD Skriftlig skoleeksamen 80/100 D 10.05.2024 09:00 PAPIR
Rom Bygning Antall kandidater
Storhall del 2 Idrettssenteret (Dragvoll) 54
Vår ORD Hjemme-eksamen 20/100

Utlevering
22.02.2024

Innlevering
22.02.2024


16:15


17:15

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Sommer UTS Skriftlig skoleeksamen 80/100 D PAPIR
Rom Bygning Antall kandidater
Sommer UTS Hjemme-eksamen 20/100 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU