course-details-portlet

TBBY1012 - Tradisjonsfaglig utøving tømring

Om emnet

Undervises ikke studieåret 2023/2024

Faglig innhold

Emnet høyrer saman med emna TBBY1010 og TBBY1013 og har også fokus på tømring. Tradisjonsfaglig utøving utgjer ein vesentleg del av grunnutdanninga i bachelorløpet i tradisjonelt bygghandverk der læring skjer gjennom eige praktisk arbeid.

Gjennom deltaking og opplæring under rettleiing ved ein læringsarena, skal studenten tileigne seg brei og allsidig innsikt i praktisk arbeid innan tradisjonelt bygghandverk.

I emnet er det lagt opp til prosjektbasert arbeid med rettleiing. Læringsarena i samarbeid med NTNU arbeider fram ein prosjektplan som ramme for praksisen på læringsarena.

Prosjektplanen bør ha eit eller fleire tømringsprosjekt som ein vesentleg del, men også andre typar byggjearbeid kan inngå ettersom det høver for læringsarena og studentane.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har kjennskap til:

  • vanlege lokale typar nover i tømring, og lokale/regionale typar tømmerhus
  • lokal tradisjon kring materialuttak og tilverking av tømmer til ulike delar av tømmerhus

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • gjennomføre tømringsprosjekt frå uttak av tømmer til ferdig bygg, på eige hand og som del av eit større arbeidslag
  • merke og hogge lokal novtype, vanlege skøytar og ta ut opningar for vindauge/dører og felle inn beitskier med tradisjonelle handverktøy
  • demonstrere ulike typar arbeid innan tradisjonell tømring og vise godt handlag med bruk av tradisjonelle handverktøy

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • bruke ulike typar kjelder for å undersøkje lokal tømrartradisjon
  • utvikle eige handverksfaglege nivå gjennom systematisk øving

Læringsformer og aktiviteter

Praktisk prosjektbasert arbeid på læringsarena med fagleg rettleiing og rapportering av utført arbeid. Arbeidet kan også i noko grad bestå av ekskursjonar, feltarbeid, hospitering eller arbeidsseminar. Aktiv deltaking i det praktiske arbeidet er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.

Obligatoriske aktivitetar

  • Obligatorisk aktiv deltaking i det praktiske arbeidet i tråd med prosjektplanen
  • Obligatorisk skriftleg rapport av valt fordjupingsemne
  • Obligatorisk rapport for gjennomført praksis i tråd med prosjektplan

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatorisk aktiv deltakelse i praktisk arbeid
  • Obligatorisk presentasjon av fordypningsemne
  • Obligatorisk skriftlig praksisrapport

Mer om vurdering

Emnet vert avslutta av ein praktisk arbeidsprøve med gradert karakter.

Ved gyldig fravær må praktisk arbeidsprøve tas til ny frist etter avtale med emneansvarlig. Ved stryk, ugyldig fravær eller frivillig gjentak kan ny prøve avlegges tidligst ved neste eksamensavvikling.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)

Kursmateriell

Tilpassa dei konkrete prosjekta på læringsarena. Material og verktøy vert stilt til rådvelde for studenten på læringsarena. Produkt produsert av studenten som del av øvingsoppgåver eller heimeoppgåver høyrar til institusjonen om ikkje anna er avtalt med studenten.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
TBBY1004 15.0 HØST 2022
Flere sider om emnet
Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I

Undervisning

Ingen

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Byggekunst, historie og teknologi
Kontaktinformasjon

Eksamensinfo

  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU