Emne - Geografisk informasjonsbehandling 1, grunnkurs - TBA4240
Geografisk informasjonsbehandling 1, grunnkurs
Velg studieårOm
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gjev studentane ei grunnleggjande opplæring i korleis eit geografisk informasjonssystem fungerer og korleis det kan brukast. I emnet vil òg studentane verte nærmare kjent med ulike typar geografiske data som finst i Noreg og korleis desse kan brukast innan eigne fagområde. Emnet er eigna for studentar frå ulike fagområde som har bruk for å kunne handtere geografiske data samstundes som det er eit grunnleggjande emne for studentar som ynskjer å spesialisere seg innan geomatikk.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha kunnskap om:
- Dei mest aktuelle kartprojeksjonane og referansesystema for geografisk informasjon i Noreg
- Korleis stadfesta informasjon kan samlast inn
- "Norge Digitalt" og aktuelle geografiske data som finst der
- Korleis rasterbaserte og vektorbaserte metodar for handtering av geografisk informasjon fungerer
- Korleis ulike typar data kan nyttast til ulike typar analyse
- Metodar som kan brukast til å presentere geografisk informasjon på ein god måte
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- Handtere data frå "Norge Digitalt"
- Utføre ulik analyse med bakgrunn i desse data
- Bruke rett referansesystem i samband med handtering av data
- Forstå og bruke både rasterbaserte og vektorbaserte geografiske informasjonssystem
- Lage gode kartografiske presentasjonar basert på geografisk informasjon
Generell kompetanse
Studenten skal kunne:
- Sjå nytten av ulik bruk av geografisk informasjon (og system) innan eige fagområde
- Handtere geografisk informasjon i samband med eige fagområde
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og øvingar. Bruk av GIS-programpakker til analyse og presentasjon av geografisk informasjon.
Ein del øvingar må vere gjennomført og godkjent for å få gå opp til eksamen. Talet på kor mange øvingar som må vere godkjent vert oppgjeve ved semesterstart.
Obligatoriske aktiviteter
- Øvinger
Mer om vurdering
Skriftlig avsluttende eksamen teller 51 % og prosjektoppgave 49 %. Resultatet for delene angis med bokstavkarakter. Ved utsatt eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftlig eksamen bli endret til muntlig eksamen. For å få bestått karakter i emnet må begge delvurderinger være bestått.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen.
Kursmateriell
Oppgis ved semesterstart.
Studiepoengreduksjon
Emnekode | Reduksjon | Fra |
---|---|---|
SIB6015 | 7,5 sp | |
AAR4841 | 5 sp | Høst 2020 |
GEOG1012 | 2,5 sp | Høst 2021 |
AAR4847 | 5 sp | Høst 2022 |
Fagområder
- Geomatikk
- Kartfag
- Teknologiske fag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator
Faglærere
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Høst 2024
Skriftlig skoleeksamen
Oppgitt rom kan endres og endelig plassering vil være klar senest 3 dager før eksamen. Du finner din romplassering på Studentweb.