course-details-portlet

SKOLE6009

Norsk 2 (1-7), emne 2: Norskdidaktikk - språk, skriving og muntlighet

Velg studieår

Nytt fra studieåret 2021/2022

Studiepoeng 15
Nivå Videreutdanning lavere grad
Undervisningsstart Vår 2022
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Muntlig eksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

I Norsk 2, emne 2 skal studentane vidareutvikle kunnskapen sin om norsk språk (som system og i bruk) frå Norsk 1, og arbeidet omfattar norsk som andrespråk, samisk språk, nabospråk og ulike talemålsvariasjonar. Eit sentralt arbeidsområde handlar om den vidare skriveopplæringa og tekstane til elevane, og kandidatane får erfaring med analyse og vurdering av elevtekstar kor siktemålet er god respons for vidare læring. Det vil også bli sett av tid til refleksjonsarbeid omkring kva moglegheiter og utfordringar ulike skriftlege sjangrar og teksttypar har, med særleg vekt på digitale tekstar.

Målform: Nynorsk

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
  • har omfattande kunnskap om den vidare opplæringa i skriving

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke grammatikk-, språk- og tekstkunnskap i analyse av skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
  • kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den første og den vidare skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på 1.-7. trinn lærer å skrive saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefaget sin historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 1.-7. trinn i samarbeid med andre

Læringsformer og aktiviteter

Studiet er organisert som eit samlings- og nettbasert studium. Semesteret har tre obligatoriske samlingar, kvar på tre dagar. Samlingane er lokalisert til NTNU, Trondheim, om ikkje anna er bestemt. Arbeidet er fordelt på forelesingar, diskusjonar, seminar- og gruppearbeid. Mellom samlingane blir det forventa sjølvstendig arbeid, fagleg utviklingsarbeid i eigen praksis, didaktisk refleksjon og kommunikasjon på digital læringsplattform.

I emnet inngår det at studentane skal utvikle den profesjonsfaglege digitale kompetansen sin gjennom utprøving i eige klasserom og refleksjon i etterkant.

Obligatoriske aktiviteter

  • Deltakelse på samlinger
  • Arbeidskrav

Mer om vurdering

Arbeidskrav:

  • Deltaking på samlingane (80% oppmøte)
  • Dokumentere utprøving av ny fagdidaktisk kunnskap og dele kunnskap om denne utprøvinga i eige kollegium
  • Loggskriving og fagleg refleksjon mellom og etter samlingane

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjente før ein kan framstille seg til eksamen.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
KOMPiS Norsk 2, 1.-7. trinn (KNO2-1-7)

Forkunnskapskrav

Norsk 1 (1-7) (30 sp) og Norsk 2 (1-7), emne 1 (SKOLE6008 - 15 sp)

Kursmateriell

Endeleg pensumliste blir lagt ut på Blackboard før studiestart.

Fagområder

  • Fagdidaktikk
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Pedagogiske fag

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Ansvarlig enhet

Institutt for lærerutdanning

Administrativ enhet

Seksjon for etter- og videreutdanning

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Ordinær eksamen - Vår 2022

Muntlig eksamen
Vekting 100/100 Dato 24.05.2022
25.05.2022
Varighet 30 minutter