course-details-portlet

NORD2200

Eldre språk

Velg studieår
Studiepoeng 7,5
Nivå Videregående emner, nivå II
Undervisningsstart Høst 2025
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Skriftlig skoleeksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Det faglege innhaldet i emnet skiftar mellom runologi og norrønt språk. Hausten 2025 blir det undervist i norrønt språk.

Runologi

I denne varianten blir studentane kjende med norske runeinnskrifter. Studentane får kunnskap om runene som eige skriftsystem, synkront og diakront, og om både den språklege og innhaldsmessige sida av innskriftene. Emnet gjev ei oversikt over heile tidsrommet runene var i bruk, med hovudvekt på vikingtids- og middelalderruner i det norrøne området i vid forstand.

Norrønt språk

I denne varianten får studentane større innsikt i norrøn språkstruktur og betre kjennskap til norrønt språk enn det basisnivået (NORD1102 og NORD1106) gjev. Studentane skal bli i stand til å arbeide sjølvstendig med norrøne tekstar og kunne analysere desse språkleg. Dei skal også få språkhistoriske og filologiske bakgrunnskunnskapar som set den norrøne grammatikken i ein samanheng, og studentane skal kjenne noko til variasjon innanfor norrønt.

Læringsutbytte

Runologi

Kunnskaper: Kandidaten har

  • kunnskap om runene som eige skriftsystem, ulike variantar av runealfabetet (fuþarken) og korleis runeskrifta utvikla seg over tid
  • kunnskap om både den språklege og den innhaldsmessige sida ved runeinnskrifter
  • kunnskap om runenes historiske og kulturhistoriske kontekst

Ferdigheiter: Kandidaten kan

  • translitterere, normalisere og plassere innskrifter typologisk og kronologisk
  • forstå og omsetje enkle runeinnskrifter på norrønt
  • setje innskrifter i historisk og kulturhistorisk samanheng

Norrønt språk

Kunnskaper: Kandidaten har

  • kunnskap om norrøn språkstruktur (lydverk, formverk og setningsstruktur) ut over basisnivået
  • kunnskap om den språkhistoriske samanhengen norrønt inngår i
  • kjennskap til ulike norrøne teksttypar, normalisering og utgåver

Ferdigheiter: Kandidaten kan

  • lese, forstå og omsetje tekstar i normalisert ortografi ved hjelp av grammatikk og ordbok
  • analysere og forklare grammatiske trekk i norrøne tekstar
  • setje norrøne tekstar i språk- og kulturhistorisk samanheng

Generell kompetanse (begge varianter):

Kandidaten kan bruke relevant fagterminologi til å presentere fagstoff munnleg og skriftleg med god språkføring

Læringsformer og aktiviteter

Undervisningsformer: Førelesingar/seminar og oppgåveskriving. I runologi er det normalt ein ekskursjon for å sjå på fysiske runeinnskrifter.

Obligatoriske aktivitetar: Inntil 4 skriftlege oppgåver, fastsett av emneansvarleg ved semesterstart. Deltaking på ekskursjon i runologi-varianten. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gjeven og påfølgjande semester).

Obligatoriske aktiviteter

  • Inntil 4 skriftlige oppgaver

Mer om vurdering

Tillatne hjelpemiddel til eksamen i varianten norrønt språk: Norrøn ordbok og norrønt bøyingsskjema.

Kursmateriell

Leseliste for emnet vil vere tilgjengeleg ved semesterstart

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
NORD2201 7,5 sp Høst 2012
NORX2201 7,5 sp Høst 2012
NORX2200 7,5 sp Høst 2013
Dette emne har faglig overlapp med emnene i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Nordisk

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Ansvarlig enhet

Institutt for språk og litteratur

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Ordinær eksamen - Høst 2025

Skriftlig skoleeksamen
Vekting 100/100 Hjelpemiddel Kode F Dato 11.12.2025 Tid 15:00 Varighet 4 timer Eksamenssystem Inspera Assessment
Sted og rom for skriftlig skoleeksamen

Oppgitt rom kan endres og endelig plassering vil være klar senest 3 dager før eksamen. Du finner din romplassering på Studentweb.

Sluppenvegen 14
Rom SL310 blå sone
11 kandidater

Ordinær eksamen - Vår 2026

Skriftlig skoleeksamen
Vekting 100/100 Hjelpemiddel Kode F Varighet 4 timer Eksamenssystem Inspera Assessment Sted og rom Ikke spesifisert ennå.