Emne - Språkhistorie og talemål - NORD1106
Språkhistorie og talemål
Vurdering og obligatoriske aktiviteter kan bli endret frem til 20. september.
Om
Om emnet
Faglig innhold
I NORD1106 tek vi for oss historisk endring og geografisk variasjon i norsk.
Studentane får innsikt i og forståing av hovudlinjene i norsk språkhistorie. Det gjeld både den strukturelle utviklinga av norsk språk frå urnordisk til i dag og den sosiale og politiske historia om norsk språk. Det siste er særleg viktig etter 1814, da statleg språkstyring førte til to skriftspråk og ei rekkje rettskrivingsreformer.
Hovudvekta vil liggje på norrønt og dei tradisjonelle norske dialektane, inndelinga av dei og hovudkjenneteikna på ulike dialektområde. Vi legg vekt på korleis ein treng norrønt for å forklare dialektvariasjonen, og korleis språket har utvikla seg mellom desse idealiserte tilstandane. Vi kjem også inn på sosial variasjon og nyare utviklingstendensar i talemålet.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Kandidaten har kunnskap om:
- ulike periodar i norsk språkhistorie og grunnlaget for inndelinga
- sentrale trekk i norrøn språkstruktur
- språkplanlegging og normeringshistorie etter 1814
- tradisjonelle norske dialektar (inndeling og kjenneteikn)
- variasjon og endring i dialektane dei siste tiåra
Ferdigheiter:
Kandidaten kan:
- identifisere sentrale språktrekk i eit språkhistorisk tekstmateriale
- identifisere relevante dialekttrekk i talemålstekstar
- identifisere utviklingslinjer frå norrønt til nyare talemål
- greie ut om sentrale sider ved norsk språkpolitikk og språkplanlegging etter 1814
- skrive rett og godt på nynorsk med relevant fagterminologi
Læringsformer og aktiviteter
Undervisningsformer: førelesingar, gruppeundervisning med obligatoriske øvingar.
Obligatorisk aktivitet:
- Minimum 75 % deltaking i fellesundervisninga
- Inntil 8 godkjente kortfatta øvingsoppgåver (skriftlege og/eller munnlege) med tilknyting til gruppeundervisninga.
I emnet skal studenten oppfylle eit obligatorisk arbeidskrav som består av inntil 8 kortfatta øvingsoppgåver. Dette er skriftlege og/eller munnlege øvingar som er knytte til gruppeundervisninga, og som blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent. Meir informasjon og retningslinjer blir gitt ved semesterstart.
Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får derfor ikkje gyldig forfall til undervisning på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skyldast hindringar som du ikkje kan lastast for. I særlege tilfelle kan det gjerast avtale med emneansvarleg om unntak frå fråværsgrensa, helst ved semesterstart.
Krav til målform: Eksamen og obligatoriske øvingar skal skrivast på nynorsk.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gjeven og påfølgjande semester).
Obligatoriske aktiviteter
- Minimum 75 % deltaking i fellesundervisninga
- Inntil 8 godkjente kortfatta øvingsoppgåver (skriftlege og/eller munnlege) med tilknyting til gruppeundervisninga
Anbefalte forkunnskaper
NORD1001 og NORD1102 eller tilsvarande.
Kursmateriell
Pensumliste for emnet er klar til semesterstart. Studentar som har lagt opp pensumlitteratur til eksamen i andre emne, må gjere endringar i pensum, og desse endringane må godkjennast av instituttet.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| NORD1101 | 7,5 sp | Høst 2008 |
| NORX1001 | 7,5 sp | Høst 2008 |
| NORX1106 | 7,5 sp | Høst 2010 |
| NORD6106 | 7,5 sp | Vår 2016 |
| NORD6011 | 5 sp | Høst 2016 |
Fagområder
- Nordisk