course-details-portlet

MGLU5506 - Vitenskapsteori og metode (5-10) (Samfunnsfag)

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Skriftlig skoleeksamen 100/100 6 timer G

Faglig innhold

Emnet omfattar vitskapsteori og forskingsmetodar for masteroppgåver. I førelesingar og seminar vert vitskapsteoretiske posisjonar, teori- og metodeval og val og innhenting av empiri/kjelder teke opp og drøfta. Studentane får opplæring og øving i bruk av ulike kvantitative og kvalitative forskingsmetodar, irekna kjeldekritiske metodar. Vidare vert forskingsdesign med vekt på samanhengen mellom tema, problemstilling, forskingsspørsmål og bruk av relevant teori og metodar lagt vekt på. Gjeldande krav til masteroppgåver med omsyn til struktur, språk og presisjonsnivå, referanse- og teoribruk vert og tekne opp. Forskningsetiske spørsmål og spørsmål omkring personvern er også en del av emnet. Studentane skal levera ei prosjektoppgåve som skal vera eit forprosjekt til masteroppgåva, der dei skildrar og grunngjev tema, problemstilling, teori og metodar.

Læringsutbytte

KUNNSKAP Studenten

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og kvalitative og kvantitative metodar tilstrekkeleg til å sjølv kunne gjennomføra vitskaplege undersøkingar.
  • har kunnskap om ulike forskingsparadigme og samanhengar mellom ontologisk og epistemologisk ståstad og val av forskingsmetodar.
  • har inngåande kunnskap om personvern og forskingsetiske retningsliner.
  • har avansert kunnskap om korleis vitskapleg fagstoff fra eiga forsking presenterast.

FERDIGHEITER Studenten

  • kan vurdera og forholda seg kritisk til eigne val av problemstilling, forskingsdesign og metode.
  • kan vurdera om eit forskingsprosjekt treng godkjenning frå NSD og kan søkja om godkjenning i samarbeid med rettleiar.
  • kan gjennomføra sjølvstendige forskingsprosjekt og analysera innsamla empiriske data/kjelder.
  • kan vurdera kvaliteten på empiriske data/kjelder konstruktivt og kritisk, presentera resultata på ein måte som er forståeleg, etisk forsvarlig og byggjer på kritisk forståing av eksisterande fagtradisjonar

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan laga eit arbeidsopplegg og disposisjon for masteroppgåva.
  • kan gjera greie for og grunngje val av forskingsfokus og metode og analysera relevante problemstillingar innanfor samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk.
  • kan gjennomføra kritisk vurdering og kvalitetssikring av eiga og andres forsking
  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, teori og metode på ein avansert måte, og bidra til fagleg og fagdidaktisk nytenking i skulen.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstudium, gruppeøvingar, individuelt prosjektarbeid. Løysing av obligatoriske og andre oppgåver. Rettleiing. Seminar med studentpresentasjonar. Studentane skal levera inn ei skriftleg prosjektoppgåve. Prosjektoppgåva skal danna vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk grunnlag for masteroppgåva. Detaljerte krav og leveringsfrist vert kunngjort ved semesterstart.

Obligatoriske aktiviteter

  • Deltakelse introduksjonsdag

Mer om vurdering

Obligatoriske aktiviteter: Det skal gjennomføres godkjent(e) oppgave(r) og/eller test(er) av skriftlig og/eller muntlig karakter, samt obligatorisk oppmøte på utvalgte deler og introduksjonsøkt.

Spesielle vilkår

Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap: Stått samfunnsfag 1 og samfunnsfag 2 (totalt 60 studiepoeng). Studierettskrav: Emnet krev studierett ved grunnskulelærerutdanninga.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Høyere grads nivå

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2022

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Samfunnsfag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 G 09.12.2022 09:00 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
SL271 Sluppenvegen 14 1
SL311 brun sone Sluppenvegen 14 21
Vår ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 G 10.05.2023 09:00 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU