course-details-portlet

LVUT8004 - Norsk 1 (1-7) emne 1: Norskfaget på 1.-3.trinn KFK

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Individuell hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Individuell hjemmeeksamen 100/100 10 dager A

Faglig innhold

Norsk 1, emne 1 omhandlar begynnaropplæring i lesing og skriving, utvikling av munnlege ferdigheiter, litteratur for småtrinnet og fagdidaktiske spørsmål. Emnet tematiserer òg den tette samanhengen mellom språk og språkbruk og identitetsutvikling. I tillegg legg det vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar, også praktisk-estetiske tilnærmingar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har

  • omfattande kunnskap om barns språkutvikling på småtrinnet
  • kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege og multimodale tekstar
  • kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn på småtrinnet
  • brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • kunnskap om kartleggingsprøver og læremiddel for småtrinnet, både digitale og andre

Ferdighet

Kandidaten kan

  • bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar på småtrinnet
  • bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium 
  • planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar på småtrinnet
  • vurdere norskfaglege læremiddel for småtrinnet, digitale og andre

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • legge til rette for at elevane på småtrinnet utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • planlegge og gjennomføre norskundervisning på småtrinnet i sentrale emne og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • vurdere eigen praksis på småtrinnet med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Læringsformer og aktiviteter

Studiet er organisert som eit samlings- og nettbasert studium. Semesteret har tre obligatoriske samlingar à tre dagar. Samlingane er lokalisert til NTNU, Trondheim, om ikkje anna er bestemd.

Arbeidet er fordelt på førelesingar, diskusjonar, seminar- og gruppearbeid. Mellom samlingane blir det forventa sjølvstendig arbeid, fagleg utviklingsarbeid i eigen praksis, didaktisk refleksjon og kommunikasjon på digital læringsplattform.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatorisk arbeidskrav ihet emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

5 arbeidskrav:

  • Obligatorisk deltaking på samlingane (80% oppmøte)
  • Eitt munnleg framlegg i gruppe
  • Ein individuell fagtekst på nynorsk
  • Kommunikasjon på digital læringsplattform i form av loggskriving og fagleg refleksjon mellom samlingane

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Målform på eksamen: Bokmål 

Spesielle vilkår

Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
KOMPiS Norsk 1, 1.-7. trinn (KNO1-1-7)
Norsk for 1. til 7. trinn - videreutdanning for lærere (FJNORD2VUÅ)

Forkunnskapskrav

Lærarutdanning eller tilsvarande og tilsetting i grunnskole eller vidaregåande skole. Det vert vist til kvar og ei tid gjeldande opptaksprosedyrar gjeve av oppdragsgiver. Studentkapasiteten til emnet følgjer av avtale med oppdragsgiver eller tilsvarende.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: K
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Videreutdanning lavere grad

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2021

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
Kontaktinformasjon

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Individuell hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Individuell hjemmeeksamen 100/100 A

Utlevering
06.12.2021

Innlevering
20.12.2021


09:00


14:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår UTS Individuell hjemmeeksamen 100/100 A

Utlevering
08.06.2022

Innlevering
22.06.2022


09:00


14:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU