course-details-portlet

KULMI3815 - Dokumentasjon og forskningsmetode

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Oppgave 100/100

Faglig innhold

Sentralt i kulturminnevernet står registreringar, dokumentasjon, betydings- og verdivurderingar. Dette dannar grunnlag for forvaltnings-, formidlings- og forskingsoppgåver. Arbeidet krev kjennskap til ulike kjeldekategoriar og metodar for innhenting og analyse av kjelder slik at ein har eit mest mulig informert avgjerdsgrunnlag. Dette kurset gir grundig innføring i dokumentasjon og forskingsmetodar og gir trening for å kunne produsere utgreiingar og forskingslitteratur. Hovuddelen av kurset gir innføring i ulike typar kjelder av relevans for kulturminnefaglige problemstillingar, herunder kunnskap om metodar for innsamling og analyse av ulike kjeldekategoriar, kunnskap om arkivorganisering og framfinningsteknikkar og innføring i arkiv- og forskingsetikk. Kurset har også ein prosjektdel der hovudvekta ligg på det metodiske. Prosjektoppgåva skal gi trening i sjølv å finne fram til og arbeide med kjelder til eit bestemt tema og ei bestemt problemstilling (vald i samråd med faglærar) og i å drøfte i kva grad den/dei valde metoden/ane er eigna for å svare på den problemstillinga som er reist. Kurset skal også gi trening i å kommunisere med andre faggrupper innafor feltet kulturminnevern.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har bestått emnet, blir forventa å ha følgjande totale læringsutbytte i høve til studieplanens skildring av emnet, definert som kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskap

Kandidaten har inngåande kunnskap om

  • ulike typar kjelder av relevans for kulturminnefaglige problemstillingar
  • arkivorganisering og framfinning av kjelder
  • innsamlings- og dokumentasjonsmetodar
  • ulike analysemetodar
  • arkiv- og forskingsetikk

Ferdigheter

Kandidaten har

  • avanserte ferdigheiter i å innhente, systematisere, tolke og analysere kjelder til kulturminnefaglige problemstillingar
  • avanserte ferdigheiter i å drøfte kulturminnefaglige spørsmål på basis av tilgjengelig informasjon
  • gjennom prosjektarbeid trening i å prøve ut metodar for å undersøkje eit bestemt tema og problemstilling innafor kulturminnevernet

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar, øvingar, ekskursjonar, arkiv- og kjeldestudium og prosjektarbeid. Meir informasjon blir gitt ved semesterstart. Avsluttande prosjektoppgåve med vurderinga bestått/ikkje bestått. Krav om 75 % deltaking ved forelesingar, øvingar og ekskursjonar. Mindre innleveringar i samband med øvingar og ekskursjonar.

Obligatoriske aktiviteter

  • Krav om 75 % deltaking ved forelesning og ekskursjoner

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Kulturminneforvaltning (MKULMI)

Forkunnskapskrav

Bachelorgrad i kulturminneforvaltning eller tilsvarande godkjent utdanning. Krev opptak til masterprogrammet i kulturminneforvaltning.

Kursmateriell

Informasjon vil bli gitt ved semesterstart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
KULMI3825 7.5 HØST 2015
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  7.5 SP
Studienivå: Høyere grads nivå

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Kulturminneforvaltning
Kontaktinformasjon

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Oppgave

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Oppgave 100/100

Utlevering
13.10.2023

Innlevering
30.10.2023


09:00


14:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU