Emne - Lokalhistorie med arkivkunnskap - KULMI2710
Lokalhistorie med arkivkunnskap
Vurdering og obligatoriske aktiviteter kan bli endret frem til 20. september.
Om
Om emnet
Faglig innhold
Lokalhistorie er historie sett nedafrå eller innafrå, med ei avgrensa geografisk ramme. Fagfeltet har lange og gode tradisjonar i Noreg, både blant fagutdanna historikar og amatørar. Kunnskap om fagfeltets diskusjonstema og arbeidsmåtar er ein del av dette kurset. Føremålet er å gi ein introduksjon til ulike måtar å studere lokalsamfunnshistorie på: klarlegging av historia til det enkelte lokalsamfunnet på den eine sida, og på den andre sida meir generaliserande perspektiv, der studiar innafor eitt eller fleire lokalsamfunn kan gi kunnskap om større samfunnsmessige prosessar, nasjonalt eller globalt. Emnet tar for seg korleis ulike lokalhistoriske einingar kan studerast: frå familien eller hushaldet som samfunnets minste eining, til bygdesamfunnet, byen og regionen til den grensekryssande lokalhistoria. Også kulturminne i ein lokal kontekst blir vektlagt. Emnet gir vidare introduksjon til arkivundersøkingar og innsamling av ulike typar kjelder som blir brukt i lokalhistoriske undersøkingar og øving i bruk av primærkjelder i eigne undersøkingar. Realhistoriske døme og kjelder vil ha kronologisk tyngdepunkt frå 1600-talet og fram til notid.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har bestått emnet, blir forventa å ha følgjande totale læringsutbytte i høve til studieplanens skildring av emnet, definert som kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Kandidaten har grunnleggjande kunnskapar om
- lokalhistorie som historisk disiplin og praksis
- ulike typar historieforsking med lokalsamfunn som ramme
- realhistorie av relevans for utforsking av lokalsamfunn
- kulturminne i lokal samanheng
- arkivorganisering, framfinning og bruk av kjelder som er relevante for å gjere historiske undersøkingar med lokal avgrensing
- innsamling av data gjennom registrering og bruk av intervju
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan anvende teoriar om lokalhistorie til å forstå og bedømme konkrete studiar
- kan bruke teoriar og kunnskap om historisk relevante tema til å utføre eigne undersøkingar av lokal karakter
- har grunnleggjande ferdigheiter i å analysere kulturminne i ulike lokale kontekstar
- kan finne fram til og bruke relevant kjeldemateriale til historiske undersøkingar
- har grunnleggjande ferdigheiter i datainnsamling og intervjumetode.
- har kvalifikasjonar for å delta i lokalhistorisk arbeid
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar, seminar og ekskursjonar. Obligatorisk øvingsoppgåve i arkivsøk og kildearbeid, og semesteroppgåve.
Obligatoriske aktiviteter
- Semesteroppgave
- Arkivsøk og kildearbeid
Anbefalte forkunnskaper
HIST1350 og HIST1550
Forkunnskapskrav
Ingen
Kursmateriell
Pensumliste og utvald kjeldemateriale.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| HIST2710 | 15 sp | Vår 2006 |
Fagområder
- Historie