Emne - Spesialiseringsemne i fransk språkvitenskap - FRA3211
Spesialiseringsemne i fransk språkvitenskap
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet inneheld følgjande komponentar:
- Fransk grammatikk (2/3 av emnet)
- Variabelt språkvitskapeleg tema (1/3 av emnet).
Arbeidet med grammatikk og andre språkvitskaplege tema skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten har ved avslutta emne:
- kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk
- innsikt i tilnærmingar til studien av språkbruk eller språklæring
Dugleik
Kandidaten er ved avslutta emne:
- i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
- i stand til å diskutera ulike teoriar om språkbruk eller språklæring og trekke teoriane inn i eigne analysar
- i stand til å analysere setningsstrukturar og forskjellige aspekt ved språkbruk eller språklæring
Generell kompetanse
Kandidaten har eit grunnlag for å arbeide med moderne fransk grammatikk og teoriar om språkbruk eller språklæring på ein vitskapeleg måte
Læringsformer og aktiviteter
Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølv delta aktivt i undervisninga, for eksempel ved å leggje fram eller diskutere artiklar, eigne analysar eller anna fagstoff. Undervisninga skjer i samarbeid mellom UiB og NTNU, og er nettbasert.
Obligatorisk aktivitet:
For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk gitt i samband med undervisninga.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Obligatoriske aktiviteter
- 1 øvingsoppgåve i grammatikk gitt i samband med undervisninga
Mer om vurdering
Vurderinga består av to eksamensdelar: ei tre vekers oppgåve med oppgitt tema og ein munnleg eksamen.
Oppgåva er på om lag 3000 ord og omfattar to tema: grammatikk (om lag 2000 ord) og anna språkvitskap (om lag 1000 ord). Studentane får tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden. Grammatikkdelen tel to tredelar, medan språkvitskapsdelen tel ein tredel av karakteren på oppgåva. Oppgåva skal skrivast på fransk. Som avslutning på emnet blir det arrangert ein munnleg eksamen på om lag 15 minutt. Eksamen omfattar spørsmål knytte til oppgåva.
Oppgåva og den munnlege eksamenen tel likt ved fastsetjing av endeleg karakter. Det må oppnåast ståkarakter i begge eksamensdelane for å få ståkarakter i emnet. Begge eksamensdelane må være greidde i same semester.
Anbefalte forkunnskaper
Emne på FRA1000- og FRA2000-nivå eller tilsvarande.
Kursmateriell
Pensum vil vere klart ved semesterstart.
Fagområder
- Fransk språk
- Fransk
- Fransk språkvitenskap
Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Ordinær eksamen - Høst 2026
Hjemmeeksamen
Innlevering 22.10.2026 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 13:00 Varighet 3 uker Eksamenssystem Inspera Assessment