Emne - GIS som planverktøy - AAR4841
GIS som planverktøy
Om
Om emnet
Faglig innhold
Kunnskap om geografisk informasjonssystem (GIS) som eit viktig metodeverktøy for fysisk planlegging. Innføring i og trening med dataprogrammet ArcGis og eventuelt med andre GIS-verktøy.
Læringsutbytte
Kunnskapsmål: Funksjonalitet og verkemåte til geografiske informasjonssystem. Grunnleggande om geografiske data og referansesystem, kartografi og kartografiske verkemiddel, relevant for behov og metodetilfang i fysisk planlegging. Datastrukturar, datamodellar og geografiske/romlege analyseteknikkar som blir brukte til undersøking og framstilling av plangrunnlag, planpresentasjon og konsekvensanalyse. Tilfanget av norske datakjelder, og bruken av dei i analyse og planframstilling.
Ferdigheitsmål: Tilrettelegging av geografiske data i eit GIS, klargjering for analyse- eller konstruksjonsformål. Grunnleggande konstruksjons- og redigeringsarbeid i GIS-verktøy. Bruk av 2D og 3D framstillingsmåtar som viser plangrunnlag og -resultat på ein lettfatteleg måte. Bruk av GIS-funksjonar for planretta analyser av lokaliseringsvilkår eller konsekvensar av plangjennomføring. Slike analyser kan omfatte terreng, landskap og naturgjevne forhold, og/eller transportsystem, arealbruk, demografi eller andre kulturgjevne faktorar.
Generell kompetanse: Å gjere bruk av tileigna kunnskap og ferdigheiter på mange ulike oppgåver relatert til geografisk analyse og fysisk planlegging.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesninger og dataøvinger i konsentrerte workshops.
Obligatoriske aktiviteter
- Øving
Kursmateriell
Ian Heywood, Sarah Cornelius, Steve Carver: An Introduction to Geographical Information Systems. Prentice Hall. 4th edition, 2011.
Fagområder
- Arkitektur
- By- og regionplanlegging
- Planfag