Utenlandsopphold - Engelsk - Bachelorprogram fremmedspråk
Utenlandsopphold
Utenlandsopphold
Eit studieopphald i eit utlandet er av stor verdi når du studerer engelsk. Du blir kjend med engelsk språk og kultur, og du får høve til å forbetre språkferdigheitene dine.
Informasjon om utveksling ved NTNU
Bachelorstudiet i engelsk gir gode moglegheiter for utanlandsopphald. Du kan leggje det i 2. eller 3. år av bachelorgrada, og du kan vere borte i eitt eller to semester. Planlegginga bør starte allereie i første studieår.
Du kan ta Fag 2 og/eller valemne i utlandet, eller du kan velje å ta fordjupingsemne (sjå Studiets oppbygning). Val av emne blir gjort i samråd med studierettleiar og faglærar og skal godkjennast før du reiser ut.
Avtalar for engelskstudentar
Det norske studiesenteret ved universitetet i York tilbyr semesterpakkar med påbyggingsemne i engelsk (YorkCourse) i både haust- og vårsemesteret. Desse semesterpakkane blir automatisk førehandsgodkjend.
NTNU har utvekslingsavtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar, mellom anna:
- Roehampton University, London, Storbritannia
- London Metropolitan University, Storbritannia
- University of Glasgow, Storbritannia
- San Diego State University, California, USA
- University of New South Wales, Australia
Det norske studiesenteret i York
Ved Det norske studiesenteret i York kan du ta emne på både bachelor- og masternivå. Det er også mogleg å ta eit to-vekers kurs i York i vårsemesteret.
Deltaking på kurset kan i enkelte tilfelle godkjennast som øvingar i emne ved NTNU same semester. Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.