HPC-teamet
Om HPC-teamet
HPC-teamet (High Performance Computing, eller tungrekning) arbeidar med å sikre effektiv bruk av tungrekning både nasjonalt og på Idun, som er felles tungrekneressurs ved NTNU. Dette omfattar å sørgje for at rett programvare er tilgjengeleg, at programma som brukarane ønsker å køyre utnyttar rekneressursane effektivt, og at ressursane fordelast på ein måte som er både rettferdig og effektiv.
Vi har lang erfaring frå tungrekning og programmering i blant annet Fortran, C, C++, Matlab og Python. Teamet har også kompetanse på bruk av GPU-er som akselerator ved numeriske berekningar, på å visualisere resultatdata, og på modellar som skalerer godt. Innan enkelte fagområde kan vi også hjelpe med å modellere løysningar i programvare.
Vår erfaring
Vi har lang erfaring frå å jobbe med tunge numeriske berekningar, blant annet:
- Hjelp og støtte til å finne rett rekneressurs og riktig programvare for ditt behov for berekning.
- Starthjelp for å komme i gang med å bruke tungrekneressursane.
- Vurdere kor optimal programkoden din er med omsyn til å utnytte ressursar, og kordan den eventuelt kan forbetrast.
- Parallellisera programkode som du har skrevet sjølv for at den skal kunne køyre raskare.
- Hjelp til å redesigne koden din så den kan køyre for større og tyngre modeller.
- Måling av kor godt programkoden din skalerer i forbindelse med å parallellisere.
- Kompilere programvare med støtte for bestemte bibliotek eller i konkrete versjonar eller med spesielle opsjonar.
- Programmering i Fortran og C/C++, med MPI, OpenMP og Cuda.
- Rådgiving og støtte i prosesser med å flytte berekningane dine til tyngre regneanlegg.
- Hjelp til å bruke GPU-ar som akseleratorar ved numeriske berekningar.
Stikk innom
Vi har generell drop-in-tid på Mimes Brønn på måndagar frå 10:00 til 14:00, og stikk gjerne innom for ein uformell prat og for å diskutere utfordringane du har. Dersom det er overkommeleg i tid og vi har rett kompetanse, vil vi forsøke å hjelpe deg der og da. Alternativt kan vi også:
- Gi råd og tips så du sjølv kan komme vidare.
- Peike til dokumentasjon osv. som kan hjelpe deg vidare.
- Vise til andre ved NTNU, dersom dei betre kan hjelpe deg enn oss.
- Avtale tidspunkt for eventuelt å kunne hjelpe deg seinare.
Ved oppgåver som krev større innsats, kan vi hjelpe med å kople deg mot ordningar for avansert brukarstøtte som kan utløyse eit visst tal timar gratis støtte.
Eventuelt kan du avtale eit møte med oss i NTNU Hjelp.