Bilde

Labinstrumentering

Om Lab-teamet

Om Lab-teamet

Vi arbeidar med IT-utstyr på laboratorium, deriblant innsamling og handtering av data med IT-utstyr. Fyrst og fremst jobbar vi med det IT-utstyret og tilhøyrande programvare som ikkje kan handterast med det vanlege, standard oppsettet for PC-ar.  

Vår bakgrunn er drift av IT-utstyr på laboratorieoppsett ved blant anna NV- og MH-fakulteta. Vi har erfaringar frå eit svært bredt spekter av oppsett av IT-utstyr på lab, og for et mangfald av ulike typar laboratorium.

Vi forstår dei spesielle behova som lab-situasjonen krev, blant anna oppetid og stabilitet under forsøk, behov for å støtte lab-PC-ar som bruker gammal og utdatert programvare eller reparasjonar på gammal maskinvare for å halde liv i viktige lab-instrument som elles ville vore ubrukelege.

Erfaring

Vår erfaring

Vi har lang erfaring frå å jobbe med IT-utstyr i laboratoriesamanheng, blant anna:  

  • Oppsett av klient-PC med spesiell programvare.
  • Oppsett av PC-er med spesiell maskinvare og tilhøyrande drivarar.
  • Kopling av lab-PC-ar på sikra datanett.
  • Handtering av lab-PC-ar med persondata.
  • Fjernstyring og overvaking av PC og forsøk frå heimekontor eller annan campus.  
  • Oppsett av Aurora for å hente ut forskingsdata frå instrumenter automatisk. 
  • Oppsett av PC med Linux.
  • Virtualisering i tilfelle med gamal maskinvare eller utdatert programvare. 
  • Sikring av stabil drift for PC-er i lab-oppsett.  
  • Spesielle PC-oppsett, f.eks. i tilfelle med sporadisk nettverk.  
  • Oppsett av enkel dataflyt og konvertering av forskingsdata frå lab. 
  • Rådgiving i forbindelse med val av IT-utstyr ved oppsett av lab. 

Stikk innom oss

Ta kontakt

Vi kan hjelpe deg med:

  • Gi råd og tips så du sjølv kan komme vidare.
  • Peike til dokumentasjon osv. som kan hjelpe deg vidare.
  • Vise til andre ved NTNU, dersom dei betre kan hjelpe deg enn oss.
  • Avtale tidspunkt for eventuelt å kunne hjelpe deg seinare.  

Ofte er konklusjonen at det trengs temmeleg omfattande innsats i tid og pengar for å komme i mål med ein konkret utfordring. Da er det ikkje sikkert at vi har kapasitet, men vi kan bli med på ein diskusjon for å sjå korleis moglegheiter som finst.  

Avtal eit møte med oss i NTNU Hjelp.

 

Tilbake lenke (Forsk IT)