Grå- og blindsoner i norsk okkupasjonshistorie
Gråsoner

Foto: Wikipedia Commons, Creative Commons Attribution-Share Alike 4.0 International license.
Prosjektet har tre målsettingar:
- gjennom masteroppgåver å opparbeide historie om fenomen som har lege i skuggen av det patriotiske motstandsnarrativet, som dominerte i tiåra etter okkupasjonen,
- gjennom masteroppgåver å utvikle eit didaktisk fundament for denne historia,
- utvikle designet for eit i hovudsak digitalt EVU-kurs for tilsette i skule- og museumssektoren, som kombinerer kunnskapen produsert innanfor 1) og 2).
EVU-kurset blir bygd opp rundt case-basert læring. Prosjektleiar mottok KOMPiS-midlar for å utvikle designet for EVU-kurset. 20 masterstudentar har deltatt eller deltar i prosjektet. Prosjektet har gjennomført to sommarskular ved Karlsuniversitetet, Praha, for å prøve ut nye idear generert i prosjektet.
Meir om prosjektet
Vitskapsfagleg målsetjing
Vitskapsfagleg målsetjing
Gråsoneprosjektet tar tak i dei siste tiåra si "nye" forsking om krigshistoria i Noreg under 2. verdskrigen, som har utfordra det tradisjonelle nasjonale basisnarrativet om det okkuperte Noreg.
Didaktisk målsetjing
Didaktisk målsetjing
Prosjektet utviklar historiedidaktikk for formidling av gråsoner og blindsoner i norsk okkupasjonshistorie for bruk i skulen, vidareutdanningskurs for historielærarar og universitetspedagogikk (Czech-Nordic Memoribilia II), både i Noreg og i Tsjekkia.
Med ny forskning tenker vi på
Med ny forskning tenker vi på
- motstandsbevegelsens illegitime drap
- omsynet til moglegheiter for represaliar
- kvinner i motstandskampen
- norske krigsprofitørar
- utanlandske tvangsarbeidarar
- Nazi-Tysklands "bygging av landet"
- nordmenns bidrag til det norske Holocaust
- dei som ikkje blei heidra etter krigen
Med nye fagdidaktiske forskningstema tenker vi på
Med nye fagdidaktiske forskningstema tenker vi på
- utprøving av ulike didaktiske inngangar
- mikrohistorie som metode
- bruk av motstridande kjelder
- korleis elevane tolkar kjelder
- bilete som kjelder
- forstå individ sine handlingsrom og dilemma
- minnekultur vs realhistorie
Arbeidsfaser
Arbeidsfaser
- Case med utgangspunkt i disiplinfagleg forsking.
- Utprøving av didaktiske inngangar for formidling av case på Charlottenlund vidaregåande skule.
- Utvikling av didaktikk for bruk i skulen, vidareutdanningskurs for historielærarar og universitetspedagogikk.
Delprosjekt: Czech-Nordic Memorbilia II -Democracy and Active Citizenship in Higher Education
Delprosjekt: Czech-Nordic Memorbilia II -Democracy and Active Citizenship in Higher Education
Eit historiedidaktisk prosjekt med føremål å oppøve medvit om og ferdigheiter i demokratisk medborgarskap gjennom undervisning om tsjekkiske tvangsarbeidarar i Noreg.
- Utstilling om tsjekkiske tvangsarbeidarar i Trondheim
- Vitskapleg antologi
- Seminar i Praha og Trondheim
Forskingnettverket Gråsoner består av
Forskingnettverket Gråsoner består av
- Professor Hans Otto Frøland, IMS, NTNU
- Universitetslektor Lars Busterud, ILU, NTNU
- Dr. Vendula V. Hingarová, Skandinavistikk, Karlsuniversitetet i Praha
- Lektor Torfinn Rogne, Charlottenlund videregående skole
- Stipendiat Andreas E. Grini, IMS, NTNU
- Inger Fagerberg Hallem, Falstadsenteret.
- Masterstudentar
Kilder
Kilder
Historiedidaktisk litteratur:
- Cohen, T.V. (2017). The Macrohistory of Microhistory. The Journal of Medival and Early Modern Studies, 47(1), 53-73.
- Hammar, A. & Holmberg, L. (2017). Varför mikrohistoria? Om teckentydningens dragningskraft och historievetenskaplig transparens. Historisk tidskrift (Stockholm), 137(3), 437-447.
- Magnússon, S. G. & Szijártó, I. M. (2013). What is Microhistory?: Theory and Practice. Routledge.
- Seixas, P. & Morton, T. (2013). The big six: Historical thinking cocepts. Nelson Education.
- Wineburg, S, Martin, Daisy & Monte-Santo, Chauncey. (2013). Reading Like a Historian. Teaching Literacy in Middle and High School History. Teachers' College Press.
Bilde:
Schrødersamlingen Sverresborg Trøndelag Folkemuseum: Tsjekkere -Sverresborg Trøndelag Folkemuseum / DigitaltMuseum
