Kunstig intelligens (KI) ved IE-fakultetet
Kunstig intelligens (KI) ved IE-fakultetet
Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk (IE) er dedikert til å bli ein internasjonalt leiande forskingsinstitusjon innan fleire strategisk viktige felt gjennom målretta initiativ. Som ein del av dette engasjementet, gjer fakultetet klare prioriteringar for å utvikle sine evner innan kunstig intelligens.
IE-fakultetet har eit sterkt og mangfaldig KI-forskingsmiljø med tverrfagleg samarbeid på tvers av fleire av IE sine avdelingar. Vi arbeider med ei rekke teknologiområde og tilnærmingar til KI, til dømes visuell databehandling og bileteigenkjenning, digitale tvillingar, robotikk og autonome system, språkteknologi, forklarbar KI, og KI & IoT.
Offisiell opning av SFI NICE den 4. mai
Kunstig intelligens skapar ikkje berre store samfunnsendringar, det skapar òg ringverknadar for den teknologiske og elektroniske utviklinga. Måndag 4. mai var det duka for den offisielle opninga av SFI NICE (Norwegian Center for Intelligent Computers and Electronics). Dei fleste KI-løysingane i dag nyttar skybaserte tenester og datasenter som på det meste kan ha eit energiforbruk på høgde med heile Oslo by, kva skjer når det vert på tide å skalere? SFI NICE skal forske på bruken av Edge AI, der systemet som hentar inn data er det same som behandlar dataen og køyrer KI-løysingane. Det kan sikre meir robuste, effektive og ikkje minst energisparande løysingar.
Digitaliserings- og forvaltningsministar Karianne Tung deltok under opninga og retta samstundes blikket mot den geopolitiske situasjonen vi står ovanfor i dag. "KI på kanten" er ikkje berre ei løysing for meir energieffektiv KI, det har òg potensiale for å ruste opp Noreg sin digitale suverenitet og eigenevne. Samstundes som det ligg eit stort potensiale i Edge AI når det kjem til innovasjon og nyskaping, er det teknologisk krevjande. Som leiaren for SFI NICE, Professor Magnus Jahre, sjølv sa: " Du kan seie at AI-forskarane er astronautane, men det er vi som byggjer rakettane". Med gode forutsetningar frå mikroelektronikkindustrien og etablerte samarbeid med industrielle aktørar som Nordic Semiconductor, er SFI NICE offisielt i gong med det ambisiøse nybrottsarbeidet.
Les meir om opninga i denne artikkelen

IE -fakultetet deltek i 5 av 6 forskingssenter for KI-satsing i Norge
NTNU skal leie to av forskingssentera og deltek som forskingspartner i dei tre andre. Frå NTNU vert Norwegian Centre for Embodied AI (NCEI) leia av professor Kostas Alexis ved Institutt for teknisk kybernetikk. Senteret har som føremål å utvikle kunstig intelligens med fokus på korleis fysisk utforming påverkar teknologien sin samhandling med omgjevnadane. Norwegian Centre on AI-Decisions (AID) vert leia av professor Sebastien Gros ved Institutt for teknisk kybernetikk i samarbeid med SINTEF. Senteret skal forske på KI opp mot risikohandtering og beslutningstaking i eit komplekst og krevjande samfunn.
Som forskingspartner er IE-fakultetet representert i Center for AI & Creativity, Empowerment of Human Learning og Norwegian Centre for Sustainable, Risk-averse and Ethical AI.
Sparebank1 SMN samarbeid med NTNU og NAIL – 40 millionar kroner investering

"Det her er som 17. mai, julaftan, bursdag og nyttårsaftan på ein gong", vart skildringa av lanseringa av SpareBank 1 SMN sitt nye samarbeid med Norwegian Open AI Lab. Banken investerer 40 millionar kroner over dei neste fem åra, og midlane vil støtte forsking på ansvarleg KI, bekjemping av økonomisk kriminalitet og utvikling av kompetanse for bedrifter i Midt-Noreg.
Oslo Municipality and NTNU Sign Cooperation Agreement

Den 9. januar 2025 signerte Oslo kommune og NTNU ein avtale for å styrke kunnskapsutvikling, etter- og vidareutdanning og innovasjonsdriven forsking. Avtalen inkluderer to fokusområde: informasjonssikkerheit og beredskap, og kunstig intelligens og språkmodellar.
Dette partnerskapet har som mål å styrke forbindelsen mellom akademia og offentleg sektor, og støttar Oslo sin strategi for kunnskapsbasert utvikling, innovasjon og digital teknologi. Samarbeidet vil føre til meir effektive tenester, betre beslutningar og eit fokus på berekraftig utvikling.
For informasjon om IE-fakultetet sitt strategiske forskingsområde på KI og våre KI-sentersøknadar til NFR, kontakt:
For spørsmål om denne sida, kontakt:

