Gemini-sentre

Gemini-sentre

Gemini-sentre

Om Gemini-sentera

Gemini-sentera er ein strategisk samhandling mellom faggrupper frå NTNU, SINTEF, Universitetet i Oslo, St. Olavs Hospital og NTNU Samfunnsforsking AS. SINTEF koordinerer Gemini-samarbeidet.

Eit Gemini-senter er ein arena for å bygge større og meir robuste fagmiljø med høgare kvalitet som vil vere betre i stand til å gripe og utvikle nye moglegheiter. Slik skal partnarane auke konkurransekrafta og verdiskapinga for fellesskapet.

Internasjonalt blir gode fagmiljø etterspurde, både frå oppdragsgivarar og studentar. Dei beste miljøa vinn fram i den stadig hardere internasjonale konkurransen. Derfor arbeider Gemini-sentera etter visjonen Internasjonalt framifrå saman.

Gemini-senteret kan ha fleire formål:

  • Partnarane går saman for å utvikle nye fagområde
  • Partnarane ønsker å ta for seg store, tverrfaglege samfunnsutfordringar
  • Partnarane bruker konseptet som ei plattform for å utvikle SFI/FME/EU-søknadar
  • Partnarane bruker konseptet for å koordinere felles aktivitetar og laboratorium
  • Felles samhandling mot næringsliv og offentleg sektor i form av nettverkspleie og utoverretta seminar kan være eit tilleggsmotiv for alle Gemini-sentera

NTNU er partnar i desse Gemini-sentera

NTNU er partnar i desse Gemini-sentera

Etablere Gemini-senter

Etablere Gemini-senter

Vil du etablere eit Gemini-senter?

Fagmiljø i samarbeid kan søke om Gemini-status to gonger i året. Fristar er 15. mars og 15. oktober. 

Interesserte søkarar blir bedne om å kontakte koordinatorane før søknaden blir send inn:

Mini calevent portlet

Kalender

Logoar Gemini-partnarar

Logoer NTNU, SINTEF, St. Olavs Hospital, UiO, NTNU Samfunnsforskning