Bakgrunn og aktiviteter

Bakgrunnen min er frå Sivilingeniør studiet i Nanoteknologi der eg valgte bionanoteknologi studieretninga. Eg skreiv masteroppgåva mi til dels ved Institutt for fysikk (IFY) og til dels ved Senter for molekylær inflammasjonsforskning (CEMIR). Der nytta eg meg av avanserte fluorescensmikroskopi teknikkar for å undersøke interaksjonane mellom celler og nanopillarar (IFY), samt traffikering av immunreseptorane Toll-like reseptorer (CEMIR).

Nå er eg PhD stipendiat ved Institutt for klinisk og molekylær medisin (IKOM) der eg arbeider i forskningsgruppa til Professor Trude Helen Flo på CEMIR. Eit av hoved interesseområda i forskningsgruppa er vert-patogen interaksjonar når Mycobacterium Tuberculosis infiserer menneske celler. Tittelen på prosjektet mitt er: ""Fang augenblinken": Ein nanostrukturert plattform for avbilding av biologiske prosessar med eksepsjonell romleg og tidhøveleg oppløysing". Forskninga er fokusert på å nytte korrelativ lys elektron mikroskopi (CLEM) for å undersøke enkelt celler.