Eira Bjørnstad Foss
Om
Eira Bjørnstad Foss er ein fiolinist som arbeider med eksperimentell musikk, klassisk samtidsmusikk og improvisasjon. Foss er medlem av kvartetten Tøyen Fil og Klafferi, og med dette ensemblet har ho vore med og urframført meir enn 30 musikkverk av unge, kreative komponistar frå heila verda. I tillegg speler Foss jamleg i ensemble som SiTron, Trondheim Improviser's Guild, Trondheim Jazzorkester og Trondheimsolistene. Nylige samarbeidsprosjekt inkluderer bl.a. Heida Johannesdottir Mobeck, Mats Gustafsson, Hedvig Mollestad, Signe Emmeluth, Jérôme Noetinger, Dieb13, Lasse Passage, Kristine Tjøgersen, Maja Ratkje og Splitter.
Forskning
I forskingsprosjektet «Performer-Curator» leiter Foss etter nye former for presentasjon og kontekstualisering av musikalsk materiale. Ho er interessert i kordan ei kuratorisk tilnærming i utøvaren sin praksis kan utvikle utøvaren sin kunstnariske identitet. Ho er også opptatt av spørsmål om utøvaren sitt ansvar, posisjon og rolle med tanke på omverda – samfunnet, publikum og kollegaer i kunstfeltet. Foss er nysgjerrig på kordan ein som kunstnar kan skape ein praksis på sida av dei eksisterande hierarkiske maktstrukturane i kunstfeltet. Som eit resultat av dette jobbar ho med soloprosjektet «Eiras kiosk», ein serie med mindre konsertar, lydinstallasjonar e.l. som blir annonsert kort tid i forkant og dukkar opp på stadig nye stader.
Publikasjoner
2022
-
Lie, Marianne Baudouin;
Bø, Else;
Foss, Eira Bjørnstad;
Vik, Sarah Warner;
Knutsen, Trine.
(2022)
100% Olga Neuwirth, komponistprofilkonsert på Trondheim kammermusikkfestival.
Musikalsk framføring
-
Duch, Michael Francis;
Foss, Eira Bjørnstad;
Formo, Daniel Buner;
Rolfsson, Matilda.
(2022)
Hidros 9.
Musikalsk framføring
Kunstneriske produksjoner
-
Lie, Marianne Baudouin;
Bø, Else;
Foss, Eira Bjørnstad;
Vik, Sarah Warner;
Knutsen, Trine.
(2022)
100% Olga Neuwirth, komponistprofilkonsert på Trondheim kammermusikkfestival.
Musikalsk framføring
-
Duch, Michael Francis;
Foss, Eira Bjørnstad;
Formo, Daniel Buner;
Rolfsson, Matilda.
(2022)
Hidros 9.
Musikalsk framføring