Bård Torvetjønn Haugland
Bakgrunn og aktiviteter
Eg er doktorgradsstipendiat i teknologi- og vitskapsstudiar (STS), og arbeider i prosjektet DRIVERS (Digitalization of the road sector and its consequences: the role of driving). Målsetjinga med DRIVERS er å kartleggje korleis både eksisterande og nye automatiserings- og digitaliseringsteknologiar påverkar transportsektoren i dag, og korleis desse teknologiane kan kome til å påverke samfunnet i framtida. Døme på slike teknologiar er alt frå teknologiar som har eksistert ei stund, slik som ryggekamera og parkeringsassistent, til nyare og meir eller mindre sjølvkøyrande transport, slik som dei førarlause bussane i Stavanger eller nordnorske vogntog kopla saman med datateknologi.
Akademisk bakgrunn
Eg har ein mastergrad i teknologi- og vitskapsstudiar (STS) frå NTNU. I masteroppgåva mi forska eg på norske arkitektar, og undersøkte kva forståing(ar) dei hadde av omgrepet berekraftig arkitektur. Utover det har eg ein bachelorgrad i musikkvitskap med fordjuping i medievitskap frå NTNU.
Faglege interesser
- (Forståingar av) berekraft
- Infrastruktur
- Transport
- Arkitektur
- Byplanlegging
- Klima- og miljøpolitikk
- Utforming og estetikk
Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid
Viser et utvalg av aktivitet. Se alle publikasjoner i databasen
2020
- (2020) Promise of the obsolete: expectations for and experiments with self-driving vehicles in Norway. Sustainability: Science, Practice, & Policy. vol. 16 (1).
2019
- (2019) Ei teknologisk blindsone?. Klassekampen.