Mimes brønn



Om Mimes Brønn
Mimes Brønn hjelper forskarar med å finne gode IT-løysningar til forskinga si.
Dårlege og ineffektive IT-løysningar kan ete enormt med tid og energi, og det er ofte vanskeleg å gjere dei gode vegvala. Der kan vi hjelpe deg.
Vi har overblikk over IT-ressursar og IT-kompetanse i ulike delar av NTNU, som igjen kan hjelpe deg med utfordringane.
Vi kan også lettare sjå utfordringane dine i lys av tryggleik, personvern, skalering, robustheit, vedlikehald osv.
Vi er gjerne diskusjonspartner med deg i forbindelse med val av løysningar, og i enkelte tilfelle kan vi også støtte reint praktisk.
Vår erfaring
Vi har brei erfaring frå IT-løysningar for forsking, blant anna innanfor:
- Val av språk for programmering og bibliotek.
- Val av lagringsløysning for forskingsdata.
- Gjere data tilgjengeleg over nett for offentlegheita.
- Visualisere forskingsdata.
- Søke etter eksisterande løysingar som kan gjenbrukast.
- Balansegangen mellom ønska funksjonalitet og stabilitet i løysningen.
I tillegg har vi ein VR-lab i våre lokalar, der vi driv konsultasjon for prosjekt som treng det.
Kombinasjonen av vår IT-erfaring og din fagkompetanse er nøkkelen til å finne dei optimale IT-løysingane for dine forskingsprosjekt.
Ta kontakt
Vi kan hjelpe deg med:
- Gi råd og tips så du sjølv kan komme vidare.
- Peike til dokumentasjon osv. som kan hjelpe deg vidare.
- Vise til andre ved NTNU, dersom dei betre kan hjelpe deg enn oss.
- Avtale tidspunkt for eventuelt å kunne hjelpe deg seinare.
Ofte er konklusjonen at det trengs temmeleg omfattande innsats i tid og pengar for å komme i mål med ein konkret utfordring. Da er det ikkje sikkert at vi har kapasitet, men vi kan bli med på ein diskusjon for å sjå korleis moglegheiter som finst.
Avtal eit møte med oss i NTNU Hjelp.