Ph.d.-programmet i språkvitskap
Ein kan oppsummere ph.d.-studiet i språkvitskap med følgjande tre punkt:
- Eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit spesialfelt som skal resultere i ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå
- Opplæring i vitskapleg teori og metode som gir fagleg soliditet og innsikt i eigenarten til fagdisiplinane
- Opptrening av evna til å sette faget sitt inn i ei større ramme gjennom fagleg refleksjon
Språkvitskap omfattar etablerte humanistiske disiplinar som anvendt språkvitskap, engelsk, fonetikk, fransk, gresk, latin, lingvistikk, nordisk og tysk. Gjennom ph.d.-studiet i språkvitskap ved Det historisk-filosofiske fakultetet, NTNU, får du moglegheit til å spesialisere deg i eitt av desse fagområda. Fagområda blir òg studerte gjennom forskjellige tverrfaglege perspektiv og innafor rammene av breie, multidisiplinære prosjekt. Ph.d.-programmet i språkvitskap er òg opent for kandidatar med bakgrunn i andre fagområde viss tema, prosjektskildring og problemstilling skulle tilseie det.
Ph.d.-studiet er normert til tre år på fulltid. Studiet er avhandlingsorientert. Arbeidet med avhandlinga er normert til 2 1/2 år på fulltid. I tillegg kjem ein opplæringsdel normert til 1/2 år som rommar grundig kursing i vitskapleg teori, refleksjon og metode. Ein viktig del av skoleringa i ph.d.-programmet i språkvitskap er at doktorgradskandidatane blir introduserte for relevante vitskaplege forskarmiljø utanfor NTNU, både nasjonalt og internasjonalt.
Du finn meir informasjon om ph.d.-programmet i språkvitskap ved å bruke menyen til venstre, eller ved å lese den fullstendige Studieplanen for ph.d.-programmet i språkvitskap .
Leiar for ph.d.-programmet i språkvitskap
Professor Mila Vulchanova
Institutt for moderne framandspråk
telefon: 73596791
e-post: mila.vulchanova@hf.ntnu.no
Vertsfakultet
Kontaktpersonar
Gro Lurås
Telefon: 73 59 66 89
Vemund Warud
Telefon: 73 59 67 01
Viss du har spørsmål om disputas, kontakt:
Vera Hamran
Telefon: 73 59 61 72