PDF-skjema
Utfylling av PDF-skjema (obs nynorsk)
Utfylling av PDF-skjema
Du kan oppleve vanskar med utfylling og lagring av PDF-skjema. Les informasjonen under nøye, og sjekk at korrekt informasjon er lagra i skjema før du lastar det opp eller sender det inn.
Windows-brukarar
Det er ikkje mogleg å lagre tekst eller annan informasjon du fyller inn i PDF-skjema i nettlesaren. Du må først lagre dokumentet (høgreklikk, og vel Lagre som...), og så opne fila i ein oppdatert pdf-lesar (som Adobe Reader). I PDF-lesaren kan du fylle ut og lagre skjema.
Mac-brukarar
Førehandsvisning (Preview) blir brukt som standard for å opne PDF-dokument på Mac, men det er ikkje eigna for utfylling av PDF-skjema. Du kan unngå vanskar ved å opne skjema i ein oppdatert pdf-lesar (som Adobe Reader) i staden for i Førehandsvisning.
Dersom du fyller ut skjema i Førehandsvisning (Preview) er det mogleg å lagre informasjonen du har fylt inn, ved å skrive ut dokumentet som ein PDF. Vel Skriv ut (⌘+p) og vel PDF som format frå nedtrekksmenyen. NB! Det er ikkje mogleg å lagre skjema som er utfylt via Førehandsvisning med Arkiver.
Penn og papir
Hugs at du også kan skrive ut PDF-skjema på papir og fylle ut skjema for hand. Ferdig utfylt skjema kan skannast og lastast opp eller sendast inn.
Kontakt Opptak
Kontakt Opptak
E-post:
opptak@ntnu.no
Telefon:
73 59 77 00
Måndag–fredag 09:00–11:30
Postadresse:
NTNU Enhet for opptak
Postboks 8900 Torgarden
7491 Trondheim.