Reservasjon av studieplass

Reservasjon av studieplass

Etter at du har fått tilbod om plass på eit studium ved NTNU, kan du søkje om å reservere studieplassen. Du kan søkje om å reservere plassen for 1 eller 2 år. Grunnlag for reservasjon kan vere militær- eller sivilteneste, alvorleg sjukdom, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande årsaker.

Når du har fått eit vedtak om reservasjon av studieplass to år fram i tid, er det ikkje mogleg å bruke reservasjonen etter berre eitt år. Dersom noko uventa skjer og du likevel ønskjer å studere etter berre eitt år, skal du søkje opptak på vanleg måte, utan reservasjon.

Det er mogleg å søkje om reservasjon av studieplass for eitt år av gongen. For mange kan dette vere eit meir fleksibelt alternativ.

 

Slik søkjer du:

 

1 Takk ja til tilbod om studieplass innen gjeldande svarfrist

Frist for å søkje om reservasjon er innan 3 veker etter du mottok tilbodet om studieplassen.

Sjølv om du har fått meir enn eitt tilbod i opptaket, kan du berre reservere éin studieplass.

 

2 Fyll ut søknadsskjema

Søk om reservasjon av studieplass (PDF Bokmål)

Søk om reservasjon av studieplass (PDF Nynorsk)

Søknadsskjemaet må lagrast og opnast i ein oppdatert PDF-lesar dersom du vil fylle det ut på skjerm. Her finn du meir informasjon om utfylling av PDF-skjema.

Dokumentasjon til søknaden

Grunnlaget for søknaden må dokumenterast med tenesteinnkalling, legeattest eller liknande dokumentasjon.

 

3 Send søknad med vedlegg til NTNU Postmottak

Søknadsskjema og dokumentasjon av grunnlag kan sendast på e-post, til postmottak@ntnu.no.

Du kan òg skrive ut skjemaet og sende det i posten. Postadresse: NTNU Postmottak, 7491 Trondheim.

Sensitiv dokumentasjon, som til dømes legeattest, må du sende i posten.

Fristen for å søkje er innan 3 veker etter at du har teke imot tilbod om studieplass.

 

Kontakt Opptak

Kontakt Opptak

E-post:
opptak@ntnu.no

Telefon:
73 59 77 00
Måndag–fredag 09:00–11:30

Postadresse:
 NTNU Enhet for opptak
Postboks 8900 Torgarden
7491 Trondheim.

kindly.ai (jira II-3188)