Master i fysisk planlegging

Studiemiljø


Gjennom studiet får du samarbeide med andre studentar frå ulike fagmiljø ved NTNU, særleg arkitekt- og bygningsingeniørstudentar. Fakultetet legg stor vekt på oppfølging av studentane. Vi tilbyr gode studentarbeidsplassar og godt bibliotek i eit inspirerande fagmiljø.

Trondheim er ein triveleg by med eit breitt tilbod innan kultur- og uteliv. Du får vere med i Trondheims velkjende og gode studentmiljø der Studentersamfundet har ein sentral plass. Det finst svært mange ulike studentlag og -organisasjonar, ikkje minst NTNUI som står for eit mangfald av idrettsaktivitetar. Du kan også ta del i det tradisjonsrike, kreative og spennande arkitektmiljøet, der linjeforeininga ALF står for mange studentsosiale tilbod. Masterstudentane i fysisk planlegging og eigedomsutvikling og -forvaltning har òg si eiga linjeforeining Hippodamus.

Heimesida til Hippodamus