Master i fysisk planlegging

Opptakskrav


Det blir skilt mellom to opptaksgrupper:

  • Gruppe 1: Minimum tre år høgare utdanning (180 studiepoeng) med minst 80 studiepoeng i tekniske eller samfunnsfag som er relevante for fysisk planlegging/samfunnsplanlegging. Døme på slike utdanningar er bachelorprogram innanfor arealplanlegging, ingeniørfag, formingsfag, transportfag, samfunnsfag, kulturminne, naturforvaltning/økologi, økonomi, administrasjon og leiing, pedagogikk.
  • Gruppe 2: Minimum tre år anna høgare utdanning (180 studiepoeng) og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging. Døme på relevant praksis er arbeid innan fysisk planlegging og leiar for ein planleggingsrelevant sektor, stab eller institusjon i privat eller offentleg verksemd.

I tvilstilfelle avgjer opptakskomitéen om ein søkars fagbakgrunn er relevant som opptaksgrunnlag.

Søknadsfrist 15. april

Du registrerer søknad på NTNUs søknadsweb.

Søk opptak

Søknadsfrist 1. mars

For deg med utenlandsk utdanning (utenfor Norden)

Studieprogramkode

MFYSPL
 Fakultet
 Fakultet for arkitektur og biletkunst
 Utdanningsområde
 Fysisk planlegging
 Adgangsbegrenset
 Ja