Master i fysisk planlegging

Moglege jobbar


Med fullført masterstudium i fysisk planlegging kan du sjå for deg ulike spennande jobbar innan samfunnsplanlegging og forvaltning. Du kan få delta i tverrfagleg planarbeid i samarbeid med ulike aktørar i planprosessar.

Den någjeldande plan- og bygningsloven har styrka behovet for fysisk planlegging. Alle kommunar og fylkeskommunar skal utarbeide og ajourføre planar. Dei står sjølv for oversiktsplanar, mens reguleringsplanar ofte blir utarbeidde av private konsulentfirma. Også andre offentlege etatar står ofte for planarbeid, for eksempel Statens vegvesen og Jernbaneverket. Ulike offentlege og private organ skal gje bidrag i planutarbeidinga. Det opnar for eit stort tilbod av jobbar både i offentleg og privat sektor.

Til nå har alle som har gjennomført masterprogrammet fått interessante jobbar, og utsiktene framover ser svært gode ut.

Dei har ein plan

Planleggarar er svært etterspurd arbeidskraft landet over, og NTNU tilbyr eit toårig masterstudium i fysisk planlegging som har blitt veldig populært – ikkje minst fordi ny plan- og bygningslov har auka kompetansebehovet innanfor planområdet.

Dei 40 studentane som så langt har gått ut med ein fullført mastergrad i fysisk planlegging frå NTNU, har hatt brei utdanningsbakgrunn før dei blei tekne opp til studiet – alt frå pedagogikk, marinbiologi, arkeologi og økonomi, til samfunnsgeografi, arkitektur, landskapsarkitektur og byggingeniør.

Den store variasjonen blir også reflektert i kva slags jobbar du kan få med ein mastergrad i fysisk planlegging, og me har spurt noen av våre tidligare masterstudentar om gode råd til deg som kunne tenke deg å bli betre kjent med faget fysisk planlegging.