Bakgrunn og aktiviteter

 

 

Interesser

Systembiologi og bruken av denne i nye biomedisinske tilnærmingar.

Kunnskapsalmenningen som grunnlag for systembiologi.

Fleirfagleg forsking som - gjennom å famne humaniora, naturvitskap og teknologi, aukar forskinga sin kvalitet og relevans

 

Forskingsprosjekt

Leiar: "Rational development of anti-cancer drug combinations"

Partnar: "Crossover Research" og "COLOSYS"

 

Bakgrunn

Lægreid studerte biokjemi, matematikk og musikkvitskap undervegs til master (1982) og PhD (1985) i biokjemi ved Universitetet i Oslo. I postdoktorperioden etablerte Lægreid seg innanfor molekylærbiologisk forsking som ho tok i bruk til kreftforsking. Lægreid spela ein sentral  rolle i oppretting av det nasjonale Funksjonell Genomforskings-programmet FUGE, der ho også leia NTNU sin mikromatrise-kjernefasilitet som ein av nodane i det nasjonale konsortiet for mikromatrise-teknologi. Lægreid har arbeidd med epistemiske og sosio-etiske problemstillingar som ledd i å utvikle eiga kreftforsking frå tradisjonell molekylær cellebiologi til systembiologiske tilnærmingar.

Noverande stilling: Professor i funksjonell genomforsking, Institutt for kreftforsking og molekylær medisin, NTNU; Tidlegare universitets-leiarstillingar: Prodekan forsking ved Medisinsk fakultet, NTNU, 1996-1999; Prorektor forsking og nyskaping, NTNU, 2005-2009.

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner