Hvordan er det å studere lektor på NTNU?
Hva sier studentene?
Ingvild Reed
Hvorfor valgte du NTNU og lektor i språkfag?
Eg kom eigentleg til Trondheim for å bli sivilingeniør, og Trondheim er jo kjend for å vere den beste byen for slike fag. Etter seks år her har eg skjønt at Trondheim er den beste byen for mange andre ting òg! Etter eit år på Gløshaugen skjønte eg at interessa mi for språk og litteratur er så stor at eg heller har lyst til å studere det, og eg begynte her på Dragvoll.
Eg har alltid hatt i bakhovudet at det hadde vore kjekt å vere lærar. Yrket er ein god kombinasjon av det å jobbe med fag og å jobbe med folk. Eg begynte på nordisk fordi eg er glad i litteratur, men etter kvart vart eg så interessert i språkfaga at dette blei språk spesialiseringsretninga mi. Eg har tysk som fag 2, og det er ein fin kombinasjon å ha to språkfag. For meg har lektorutdanninga vore ein veldig god miks av ulike fag. Vi har både mogelegheit til å nerde skikkeleg med språk, i tillegg til at vi kjem ut som pedagogar med ei profesjonsutdanning som er ettertrakta.
Hvordan er det å være student på lektorstudiet?
Det er eit passe stort miljø, og eg opplever at lærarane er opptekne av å bli kjende med oss og lære seg namna våre. Vi har hatt to lengre praksisperiodar. Den første praksisen var prega av korona og at vi ikkje var så mykje på praksisskulen. Den siste praksisperioden på ein ungdomsskule likte eg veldig godt. Eg hadde gode rettleiarar og vi åtte studentane som var i praksis i lag blei godt kjendt. Der merka eg at eg at eg gler meg til å bli lærar!
Hvordan er studiehverdagen din?
Dette semesteret skriv eg masteroppgåve, og difor kan eg legge opp tida heilt sjølv. Eg likar å kome på universitetet kvar dag, slik at eg har struktur på dagane. Då er det kjekt å ha lunsjavtalar med andre! Det er viktig med gode pausar. Eg har grudd meg litt til å skrive master fordi eg har vore redd for at det blir veldig einsformig, men foreløpig har det berre vore kjekt. Eg jobbar dessutan som læringsassistent på norskkursa til NTNU, der utlendingar lærer norsk. Det er ein god mogelegheit til å få nyttig erfaring både som lærar og med å undervise språk. Eg lærer veldig mykje av dei eg underviser til, og begynner å tenke på ting eg aldri har tenkt på før. Kva er til dømes forskjellen på «sport» og «idrett» på norsk?
Hvordan er fritiden din som student?
Eg har vore aktiv i studentfestivalane UKA og ISFiT, og det har gjeve meg utruleg kjekke opplevingar og erfaringar. I tillegg er eg glad i musikk og har spelt i musikkgrupper. Eg er òg glad i friluftsliv og ski, og då er jo Bymarka veldig kjekk å ha. For meg som kjem frå ein liten plass har Trondheim vore akkurat passe stor.
Har du vært på utveksling i løpet av studiet?
Ja, eg var på utveksling både gjennom tyskstudiet og på nordisk. På årsstudiet i tysk var eg ein månad på språkkurs i Kiel saman med resten av klassa, og i tillegg var eg på utveksling i Aachen. På nordisk var eg både på eit sommarkurs gjennom Nordkurs, og eg var eit semester i Reykjavík. Så ja, eg har verkeleg brukt mogelegheitene som finst for utveksling, og det er eg så glad for! Det har gjeve meg ekstra perspektiv på det faglege, gjort meg tryggare på meg sjølv og gjeve meg gode venar i andre land.