Emne - Spesialiseringsemne i nordisk språkvitenskap - NORD3104
Spesialiseringsemne i nordisk språkvitenskap
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei teoretisk fordjuping innanfor eitt eller fleire utvalde tema i nordisk språkvitskap. Det kan vere knytt til ulike språkvitskaplege disiplinar (t.d. grammatikk, pragmatikk, sosiolingvistikk) eller eit tverrdisiplinært tema som inkorporerer fleire av desse underdisiplinane. Emnet kan byggje på tema som er utforska i emna på fordjupingsnivå.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidatar som har bestått dette emnet:
- har omfattande kunnskap om eit sentralt tema innan nordisk språkvitskap
- kan vise innsikt i akademiske tilnærmingar og metodar som er relevante for analysar av tema som emnet tar for seg
Ferdigheiter
Kandidatar som har bestått dette emnet:
- kan bruke relevant teori og akademiske tekstar frå dei relevante fagfelta
- kan skrive omfattande tekster av analytisk og/eller argumenterande art om eit språkvitskapleg tema i tråd med akademiske normer for kjeldebruk, sitering, referansar o.l.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og/eller seminar.
Obligatoriske aktivitetar: Inntil 2 godkjende oppgåver av munnleg eller skriftleg karakter. Krav til omfang og utforming blir fastsett av emneansvarleg og kunngjort ved semesterstart. Skriftlege arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gitt og påfølgjande semester).
Obligatoriske aktiviteter
- Inntil 2 godkjente oppgaver av muntlig eller skriftlig karakter
Mer om vurdering
Vurderingsform: Semesteroppgåve. Oppgåva skal skrivast på nynorsk og ha eit omfang på ca. 4000 ord. Nærmare krav til utforming blir kunngjort av emneansvarleg ved semesterstart.
Det er ikkje høve til å ta opp att bestått eksamen i NORD3104 i semester når det ikkje er undervisning i emnet. Ved utsett eksamen (ved stryk eller gyldig forfall) er det høve å levere eksamen, men det blir ikkje gitt rettleiing.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Integrert praktisk-pedagogisk utdanning (MPPU)
Lektorutdanning i språkfag for trinn 8 – 13 (MLSPRÅK)
Nordisk språk og litteratur (MNORD)
Anbefalte forkunnskaper
Relevante basisemne og påbyggingsemne i språkvitskap.
Forkunnskapskrav
Føreset opptak til masterstudiet i nordisk, eller femårig lektorutdanning med master i språkfag - studieretning nordisk.
Kursmateriell
Pensum blir kunngjort ved semesterstart.
Fagområder
- Nordisk
- Nordisk språkvitenskap