Emne - Musikalske produksjoner i samarbeid: fra idé til gjennomføring - MGLU5238
MGLU5238 - Musikalske produksjoner i samarbeid: fra idé til gjennomføring
Om emnet
Undervises ikke studieåret 2020/2021
Faglig innhold
Emnet fokuserer på ulike typar musikalske produksjonar med relevans for arbeid i skulen. Ein produksjon blir i denne samanhengen forstått som ei planlagd hending med kunstnarisk intensjon, t.d. konsertar, teaterframføringar, innspelingar, danseframsyningar eller andre scenekunstnariske samarbeidsproduksjonar. I løpet av semesteret skal studenten få trening i å initiere, planlegge, gjennomføre og evaluere ulike typar produksjonar, både individuelt og som del av ei gruppe. Ein viktig del av emnet er å gjere seg kjend med eit variert utval skulerelevante produksjonar gjennom konsertbesøk og ekskursjonar. Gjennom heile emnet er studenten oppmoda til å utforske tema som samarbeid, inkludering, fleirfaglegheit, målgruppe, arena og kunstnariske prosessar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har spesialisert kunnskap om eit utval musikalske produksjonar frå fleire ulike kontekstar
- har inngåande kunnskap om fleirfaglege og scenekunstnariske samarbeidsmåtar innanfor rammene for musikalske produksjonar
- har avansert kunnskap om korleis estetiske og kunstnariske læringsprosessar går føre seg i kunstnarisk musikalsk arbeid
- har inngåande kunnskap om korleis musikalsk innhald kan tilpassast særskilde produksjonsformer, målgrupper og arenaer
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan initiere, planlegge, og gjennomføre ulike typar musikalske produksjonar
- kan opprette kontakt med og gjennomføre musikalske samarbeidsprosjekt med aktørar utanfor skulen
- kan leie ein musikalsk produksjon med elevar i skulen
- kan kritisk reflektere over og evaluere musikalske produksjonsprosessar med omsyn til samarbeid, inkludering, fleirfaglegheit og målgruppetilpassing
- kan kommunisere tydeleg og reflektert med interne og eksterne samarbeidspartnarar i utforming og gjennomføring av musikalske produksjonar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan bidra til utviklingsarbeid som fremmar fagleg og pedagogisk nytenking i kunstfag i skulen
- kan bidra til tettare samarbeid mellom skule og nærmiljø gjennom inkluderande kunstnariske initiativ
Læringsformer og aktiviteter
Workshops, forelesingar, individuelt arbeid og gruppearbeid
Obligatoriske aktiviteter
- Arrangere ekskursjon
- Musikalsk produksjon 1
- Musikalsk produksjon 2
- Refleksjonstekster
Mer om vurdering
Obligatoriske arbeidskrav:
1. Initiere og arrangere ein ekskursjon for medstudentar til ein musikalsk produksjon
2. Initiere, planlegge og gjennomføre ein musikalsk produksjon i dialog med eksterne aktørar
3. Planlegge og gjennomføre ein eksternt retta musikalsk produksjon basert på mellom anna eigenprodusert innhald
4. Individuelle refleksjonstekstar knytt til arbeidskrav 1-3 i dialog med aktuell pensumlitteratur
Det er obligatorisk oppmøte på alle ekskursjonar og produksjonar.
Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Vurdering:
Mappe med 2 tekstar basert på arbeidskrav. Individuell eksamen.
Spesielle vilkår
Begrenset opptak til undervisning. For nærmere opplysninger: http://www.ntnu.no/studier/opptak/emneopptak
Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn (MGLU1-7)
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10)
Ingen
Versjon: 1
Studiepoeng:
7.5 SP
Studienivå: Høyere grads nivå
Undervisningsspråk: Norsk
Sted: Trondheim
- Lærer- og lektorutdanning
Eksamensinfo
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"