course-details-portlet

MGLU2501 - Norsk 2 (5-10): Literacy, språk og litteratur

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Oppgave og muntlig eksamen
Karakter: Bestått/Ikke bestått

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Oppgave 50/100
Muntlig eksamen 50/100
Hjemmeeksamen 50/100 3 dager

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på norsk 1 og omfattar norskundervisning for 5.-10. trinn med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Emnet gir òg studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne, mellom anna gjennom ulike former for respons og vurdering, utprøving og tekstrevisjon. Undervisning om vitskapleg metode blir knytt til arbeid med semesteroppgåve.
 
Hovudområde 1
Hovudområde 1 fokuserer på norsk språk (oppbygging, system og bruk), norsk som andrespråk, talemålsvariasjon, nabospråk og samisk språk. Eit sentralt arbeidsområde handlar om korleis ein kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i utviklingsfremjande arbeid med lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.
 
Hovudområde 2
Hovudområde 2 fokuserer på teoretiske, litteraturhistoriske og didaktiske innfallsvinklar til arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i ulike sjangrar og medium. Film, teater og medietekstar blir sette inn i ein norskfagleg samanheng. Kunnskap om tekst og litteratur i arbeid med munnlege, skriftlege og samansette elevtekstar på 5.-10. trinn, med vekt på ungdomstrinnet, står sentralt.

Læringsutbytte

Emnet er delt i to like store hovudområde. Læringsutbytteformuleringane under generell kompetanse blir ivaretekne i begge hovudområda.
 
Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 1: Literacy, språk og språdidaktikk
 
KUNNSKAP
Kandidaten
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kunnskap om samisk språk,nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
- har kjennskap til særtrekk ved den talespråklege praksisen til ungdom
- har brei kunnskap om utviklingsfremjande arbeid med språk og kommunikasjon i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
- har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking
 
FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse av skriftlege, munnlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium, inkludert elevtekstar
- kan gi tilpassa språkopplæring for elevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan bruke kunnskap om mangfald i språk og kultur som ein ressurs i norskfaget
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese-, skrive- og munnlegopplæringa på 5. til 10. trinn
- kan vurdere ulike aspekt ved språkdidaktikk og språkleg mangfald og grunngi vurderingane
 
Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 2: Literacy, litteratur og litteraturdidaktikk
 
KUNNSKAP
Kandidaten
- har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, med vekt på litteratur for unge og vaksne
- har kunnskap om samisk litteratur og kultur
- har kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv og brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar, med vekt på ungdomstrinnet
- har brei kunnskap om utviklingsfremjande arbeid med tekst og litteratur i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
- har brei kunnskap om korleis gutar og jenter på ungdomstrinnet kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing
- har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking
 
FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan bruke kunnskap om tekst og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, inkludert elevtekstar
- kan legge til rette for variert arbeid med litteratur i tradisjonelle og nye medium
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan legge til rette for at elevar på ungdomstrinnet får lese, skrive og diskutere både saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan kartlegge og vurdere munnlege og skriftlege ferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar, med vekt på ungdomstrinnet
- kan vurdere ulike aspekt ved arbeid med litteratur og literacy og grunngi vurderingane
 
Læringsutbytte som blir ivaretekne i hovudområde 1 og 2:
 
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 5.-10. trinn i samarbeid med andre
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad bli seminarbasert, med konsentrert arbeid om eit gitt tema og eit avsluttande framlegg. Studiet fordrar stor eigenaktivitet av studentane.

Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane må bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at dei bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Obligatoriske aktiviteter

  • Innlevering av to utkast til semesteroppgåver - eitt knytt til kvart av hovudområda
  • Eitt munnleg framlegg i gruppe
  • Obligatorisk frammøte i forbindelse med munnlege gruppeframlegg
  • Inntil tre loggar

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:
- Innlevering av to utkast til semesteroppgåver - eitt knytt til kvart av hovudområda
- Eitt munnleg framlegg i gruppe
- Obligatorisk frammøte i forbindelse med munnlege gruppeframlegg
- Inntil 3 loggar
 
Vurderingsordning for emnet:
- Innlevering av ei semesteroppgåve
- Munnleg eksamen
 
Delvurderingar kan ein ta opp eller forbetre enkeltvis.
Alle delvurderingar må være bestått for å få karakter i emnet.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10)

Forkunnskapskrav

Krav om førhandskunnskap:
Som opptakskrav til studieprogrammet, sjå studieplan for studiet.
 
Studierettskrav:
Emnet krev studierett ved grunnskulelærarutdanninga.

Kursmateriell

Endeleg pensumliste blir lagd ut på Blackboard før studiestart.

Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  30.0 SP
Studienivå: Videregående emner, nivå II

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2019

Termin nr.: 2
Undervises:  VÅR 2020

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Telefon:

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Oppgave og muntlig eksamen

Termin Statuskode Vurderings-form Vekting Hjelpemidler Dato Tid Digital eksamen Rom *
Høst ORD Muntlig eksamen (1) 50/100 09:00
Rom Bygning Antall kandidater
LY31 Lysholmbygget 0
Høst ORD Oppgave 50/100

Utlevering 28.11.2019

Innlevering 12.12.2019

Utlevering 09:00

Innlevering 14:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Hjemme-eksamen (2) 50/100

Utlevering 08.06.2020

Innlevering 10.06.2020

Utlevering 09:00

Innlevering 15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Oppgave 50/100

Utlevering 21.05.2020

Innlevering 04.06.2020

Utlevering 09:00

Innlevering 14:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
  • 1) Eksamen vil avholdes i perioden 3.-4.desember. Individuelt oppmøtetidspunkt vil bli publisert senere.
  • 2) Merk at eksamensform er endret som et smittevernstiltak i den pågående koronasituasjonen. Please note that the exam form has changed as a preventive measure in the ongoing corona situation.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU