course-details-portlet

LITT2203

Fordypningsemne i litteratur etter 1800

Studiepoeng 15
Nivå Videregående emner, nivå II
Undervisningsstart Høst 2014 / Vår 2015
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Vurderingsordning Hjemmeeksamen , Oppgave

Om

Om emnet

Faglig innhold

Det faglege innhaldet i emnet - tema og teori - vil variere frå studieår til studieår. Emnet gir eit vidaregåande kurs i avgrensa emne innanfor nyare, framfor alt europeisk, litteratur frå romantikken og fram til i dag.

Emnet kan sette søkjelys på ein bestemt epoke, eit straumdrag eller ein sjanger (symbolismens lyrikk, den naturalistiske romanen, det moderne dramaets gjennombrott, absurdismens litteratur, 1900-talets modernistiske lyrikk osv.) eller vere tematisk avgrensa.

Dei kan også sette lys på litteraturen i ein sosial, idéhistorisk og tverrestetisk samanheng (til dømes impresjonismen i kunst og litteratur, 1910-tallets modernisme i teater, musikk, kunst og litteratur), eller adaptasjonar mellom litteratur og andre medie.

Emnet kan overlappe med ALIT2203, dette vil avhenge av pensumvariant. Ved spørsmål om studiepoengreduksjon, ta kontakt med instituttet.

Læringsutbytte

Studentane sine kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- har spesialisert kunnskap om eit avgrensa emne frå perioden 1800 til i dag
- forstår og kan reflektere over litteraturen i ein større estetisk, historisk, sosial og kulturell samanheng
- kan formidle fagstoffet kritisk og sjølvstendig i skriftleg og munnleg form
- kan formulere ei problemstilling ut frå ei gitt oppgåve og skrive ein akademisk fagtekst

Læringsformer og aktiviteter

Undervisningsform: Forelesingar/seminar. Det krevst aktiv deltaking av studentane med munnlege framføringar, kommentarar og liknande. Obligatorisk aktivitetar: Godkjend seminarinnlegg (ca. 15 min.) eller skriftleg oppgåve (ca. 4-5 s.).

Om bacheloroppgåva: Det er kun studentar som er tatt opp på bachelor i nordisk og litteraturvitskap hausten 2014,som kan velje bacheloroppgåve som vurderingsform til eksamen. Vurderingsform: Enten: 2-vekers heimeoppgåve på 12-15 sider. Eller: Sjølvvald bacheloroppgåve på 12-15 sider. Studentane vel tema for oppgåva i samråd med faglærer og innanfor rammene for emnet. Rettleiing blir gjeve underveis i undervisningsforløpet. Ved gjentak av eksamen, må studentane velje same vurderingsform som ved første vurderingsmelding.

Obligatoriske aktiviteter

  • Godkjend seminarinnlegg eller godkjend skriftleg oppgåve

Forkunnskapskrav

Ingen.

Kursmateriell

Pensum utgjer omlag ni verk eller tilsvarande og skal inkludere minst 2 litterære verk frå Norden.
Studentar som vel å følgje standard pensumliste på emnet, leverer ikkje pensumliste til instituttet. Studentar som ønskjer å gå opp etter ei revidert/tidlegare godkjend pensumliste, leverer individuell pensumliste til godkjenning på instituttet. Frist: 10. oktober i haustsemesteret og 10. mars i vårsemesteret.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
ALIT2203 15 sp
Dette emne har faglig overlapp med emnet i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Allmenn litteraturvitenskap
  • Nordisk litteratur

Kontaktinformasjon

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Ordinær eksamen - Høst 2014

Hjemmeeksamen
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 100/100 Dato Utlevering 02.12.2014
Innlevering 16.12.2014
Varighet 2 uker

Ordinær eksamen - Vår 2015

Hjemmeeksamen
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 100/100 Dato Utlevering 19.05.2015
Innlevering 03.06.2015
Varighet 2 uker

Vurderingsordning: Oppgave

Ordinær eksamen - Høst 2014

Oppgave
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 100/100 Varighet 1 semestre

Ordinær eksamen - Vår 2015

Oppgave
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 100/100 Varighet 1 semestre