LGU14003 - Musikk 1 (1-7) Instruksjon, ledelse, komposisjon og fagdidaktiske emner

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Samlet vurdering
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Praktisk eksamen 49/100 HJELPEMIDD
Oppgave 51/100 ALLE

Faglig innhold

Musikk 1 1-7, emne har desse hovudkomponentane: Grunnleggande opplæring i utøvande og skapande verksemd, innføring i musikkfaget sine deldisiplinar og innføring i skolefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 i gjeldane læreplan.
Dei fagdidaktiske delane av studiet er i særleg grad sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1-7. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i praksisopplæringa skal også gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer at dei kan leie og instruere song - og musikkaktivitetar tilrettelagt for elevar på trinna 1-7.
Emnet skal også gjere studentane fortrulege med dei grunnleggjande dugleikane Å kunne
uttrykke seg munnleg og skriftleg, å kunne lese og regne, å kunne bruke digitale verktøy slik
desse er utforma i gjeldande musikklæreplan for grunnskulen.

Læringsutbytte

Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om dei særprega lærings- og erkjenningsformene som er knytt til kunstnarleg, estetisk og musikalsk verksemd
- har kunnskap om psykologiske og kulturelle faktorar som verkar inn på utviklinga av barn og unges musikalitet, uttrykksformer, kreativitet og identitet
- har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring for trinna 1-7
- har grunnleggande kunnskap om norsk og internasjonal musikk frå ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, om norsk og samisk tradisjonsmusikk og om musikk frå ulike kulturar
- har kunnskap om grunnleggande musikkteori og ulike former for musikkanalyse
- har kunnskap om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike former for samfunnsuttrykk, t.d. i film og media, og om korleis musikk kan vere eit formande element i slike samanhengar
- har kunnskapar om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie

Ferdigheiter
Studenten
- kan syngje og bruke stemma på varierte måtar, uttrykkje seg musikalsk og meiningsfullt på eige hovudinstrument og akkompagnere song på piano, gitar eller anna akkordinstrument
- kan leike og danse til og med musikk og meistre eit representativt utval av tradisjonelle og moderne dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning på trinna 1-7
- kan leie og instruere song-, samspel-og danseprosessar med medstudentar og med elevar på trinna 1-7
- kan meistre ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring i musikkfaget og vere fortrulege med grunnleggande ferdigheiter i skolefaget musikk
- kan leggje til rette for musikalsk opplæring og utvikling for elevar med spesielle evner eller vanskar
- kan lytte aktivt og reflekterande til eit representativt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar
- kan vise kunnskap om musikken gjennom verbale og andre kunstrelaterte uttrykksformer, t.d. dans/rørsle og drama
- kan skape musikk på varierte måtar, improvisere med instrument og stemme og kunne leie improvisasjons- og komposisjonsprosessar for elevar på trinna 1-7
- har god praktisk dugleik i grunnleggjande ferdigheiter i munnleg og skriftleg

kommunikasjon i musikkfaget og kompetanse til å fremje slike dugleiker hos elevane.
- kan bruke analoge og digitale musikkinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel med tanke på musikalsk skaping, formidlingsverksemd og musikkopplæring
- kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og læringsmateriell for skolefaget musikk for trinna 1-7
- kan gjennomføre tilpassa opplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser.

Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i og kan drøfte musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skolekvardagen og i eit fleirkulturelt samfunn
- kan aktivisere og stimulere elevane si evne til å skape, oppleve, uttrykke og reflektere
- kan initiere fagleg samarbeid og bruke musikk både som regifag og støttefag i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
- kan reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget, andre fagområde og læreplanverk for trinna 1-7

Læringsformer og aktiviteter

Undervisningsformene skiftar mellom gruppeundervisning, førelesningar, gruppearbeid og praktisk musisering. Studentane skal delta i ein læringsprosess der dei i arbeid med produksjon, tolking og formidling av musikk der dei utviklar kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i faget. Dette omfattar stor grad av eigeninnsats. Studentane vil få rettleiing på deler av arbeidet individuelt og gruppevis. Det vert lagt vekt på ei prosessorientert undervisning med studentaktive arbeidsformer med det musiske og skapande i sentrum

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:
Studentane skal arbeide med 9 praktiske og skriftlege oppgåver innan musikkorientering, fagdidaktikk og komposisjon
- Lytting
- Musisering (Sang, dans, spill)
- Musikkdidaktikk
- Musikkorientering
- Komposisjon 1
- Komposisjion 2
- Ein ekskursjon

Dei skriftlege bidraga vert utgangspunkt for vidare arbeid fram mot eksamensmappa som inngår som vuderingsgrunnlaget.

Obligatoriske arbeidskrav vurderes med godkjent/ikke godkjent.
Obligatoriske arbeidskrav må være godkjent før en kan framstille seg til eksamen. Kandidater som står i fare for å bli nektet å gå opp til eksamen pga. manglende arbeidskrav, skal varsles om dette, jf. forskrift om studier ved NTNU.

Vurdering:
- Praktisk eksamen i vokal- og bandinstruksjon.
Tillatte hjelpemidler, noter og egne notater

- Mappe med 3 bidrag som er utarbeidde i løpet av studieprosessen
2 skriftlege arbeid i fagdidaktikk og musikkorientering
eigen komposisjon for ei definert instrument/songsamasetjing med
a) utskrift av digitalt partitur og
b) i innspelt versjon
Dei skriftlege mappebidraga vektas likt.

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført i samsvar med gjeldende studieforskrift ved NTNU.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1-7 (LTGLU1-7)
Grunnskolelærerutdanning 1-7 med vekt på realfag (LTGLU1-7R)

Forkunnskapskrav

Krav om studierett eller fullført og bestått lærerutdanning eller tilsvarende ved NTNU (jfr. studieforskriften ved NTNU).
Adgangsbegrensning, maks 35

Prioritering ved opptak:
1. Studierett ved GLU gjennom ordinært opptak til NTNU. Tildeling av emne skjer gjennom ordinært arrangert emnevalg. Retten til å ta emner begrenses av studieprogrammets omfang i studiepoeng.
2. Overgang fra GLU ved en annen institusjon i Norge
3. Andre som fyller kravet om fullført og bestått lærerutdanning eller tilsvarende ved NTNU

Kursmateriell

Pensumlistene er veiledende. Endelig pensumliste legges ut på blackboard før studiestart
Hovedlitteratur
Amsrud, A., & Bjørnstad, T. (2008). Sang i Norge. Oslo: Musikk i skolen.
Nettsted:
http://www.sanginorge.no/
Djupdal, K. (1999). Musikkteori. (3. rev. utg.). Oslo: Ad notam Gyldendal.
Espeland, M. (2004). Lyttemetodikk: Ressursbok. Bergen: Fagbokforlaget.
Hanken, I. M. & Johansen, G. (rev.utg.2013). Musikkundervisningens didaktikk. Oslo: Cappelen akademisk forlag.(kap.8 og kap.11)
Johansen,K. L. (2005). Komponering: kunnskap & kreativitet: idésamling og lærebok for lærere og lærerstudenter. Oslo: Musikk i skolen
Læreplanverket for Kunnskapsløftet (2006). Oslo: Kunnskapsdepartementet.
Tilgjengelig fra:
http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103
Nesheim, Elef:Musikkhistorie (2004) Oslo, Norsk musikkforlag
Sætre,Jon Helge /Salvesen,Geir (2010). Allmenn musikkundervisning
Kompendium og noter til praktisk musisering vil bli utgitt ved semesterstart
Et utvalg lytte-eksempler fra ulike historiske epoker
Tilleggslitteratur
Benestad, F. (2009). Musikklære: en grunnbok. Oslo: Universitetsforlaget.
Blokhus, Y., & Molde, A. (2004). Wow!: populærmusikkens historie. Oslo, Universitetsforlaget.
Finnes også som:
Blokhus, Y., & Molde, A. (1996). Wow!: populærmusikkens historie. Oslo, Universitetsforlaget.
Bøe, O.-M., & Johansen, K. L. (2006). Musikkisum 7: lærerens bok. Oslo: Cappelen.
Hanken, I. M. & Johansen, G. (rev.utg.2013). Musikkundervisningens didaktikk. Oslo: Cappelen akademisk forlag.
Hjorthaug, S. (2002). Musikkhistorisk oversikt. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Finnes også som:
Hjorthaug, S. (1999). Musikkhistorisk oversikt. Kristiansand: Høyskoleforlaget
Nagelhus, L. Aa. (2004). Musikkens epoker. Trondheim: Tapir akademisk forlag.
Nagelhus, L. Aa. (2004). Norsk musikk. Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Samlet vurdering

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Høst ORD Praktisk eksamen 49/100 HJELPEMIDD 11.12.2017
Høst ORD Oppgave 51/100 ALLE

Utlevering
23.11.2017

Innlevering
29.11.2017

Vår UTS Praktisk eksamen 49/100 HJELPEMIDD
Vår UTS Oppgave 51/100 ALLE
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.