Emne - Krig og helse - KRIG3081
Krig og helse
Nytt fra studieåret 2025/2026
Om
Om emnet
Faglig innhold
Målet med emnet er å gi grunnleggande kunnskap om helsekonsekvensar av krig, både for dei stridande og for befolkning som heilskap. Pensum og undervisning fokuserar på det tjuande og tjueførste hundreåret. Det blir gitt ei innføring både i konsekvensar av krig for generell folkehelse, mental helse, epidemiske sjukdommar og fysiske skadar av sjølve krigføringa. Emnet har ei tverrfagleg tilnærming der det historiefaglege perspektivet er strukturerande for oppbygginga av kurset.
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet skal studenten ha følgande kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar:
Kandidaten har:
- Inngåande kunnskap om helsekonsekvensar av krig for dei stridande og befolkninga i heilskap.
- Kunnskap om metodiske utfordringar ved å studere helsemessige konsekvensar av krig.
- Inngåande kunnskap om samanhengane mellom krigføring og utviklinga av medisinsk vitskap frå 1800-talet og fram til i dag.
- Kunnskap om sentrale medisinske omgrep som trengst for å forstå helsekonsekvensar av krig.
Ferdigheiter:
Kandidaten skal:
- Vere i stand til å vurdere helsekonsekvensar av krig, både for dei stridande og befolkninga i heilskap.
- Kunne bruke historiske metodar for å studere helsekonsekvensar av krig.
- Bruke og analysere kjelder og annan informasjon.
Læringsformer og aktiviteter
Emnet undervisast digitalt der førelesingar, podcastar og anna undervisningsmateriell gjerast tilgjengeleg gjennom ei digital plattform. Denne plattforma utgjer eit digitalt klasserom der det etablerast digitale møtepunkt for undervisning, studentaktiv læring, oppfølging, rettleiing osv.
I tillegg til den digitale «kjerna» vil det vere ei fysisk samling i løpet av semesteret. Samlinga er praktisk innretta og kan innehalde både førelesingar, seminaraktivitet og gruppeoppgåver.
Obligatoriske aktiviteter
- Førsteutkast semesteroppgave
Mer om vurdering
Eksamen er i ei utvida skriftleg semesteroppgåve. Arbeidet startar tidleg i semesteret og eit førsteutkast skal vere godkjent for at semesteroppgåva kan leverast inn som eksamenssvar.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Forkunnskapskrav
BA I militære studiar, historie, statsvitskap eller tilsvarande.
Kursmateriell
Pensumliste, kompendium og anna materiell vil bli publisert i starten av semesteret.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| KRIG3080 | 7,5 sp | Høst 2025 |
Fagområder
- Sosialhistorie
- Historie