Emne - Programmering til dataanalyse - IIRA6001
Programmering til dataanalyse
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gjev ein introduksjon til bruk av generell programmering som eit verkty i dataanalyse. Målgruppa er folk som allereie arbeider med kvantitative data i jobben, anten det er rekneskap, forretningsanalyser, demografi eller finans. Målet er at programmeringsverkty skal gjera det mogleg å handtera større og meir samansette datasett, automatisere periodisk rapportering og mogleggjera meir avanserte og fleksible analyseteknikkar, som maskinlæring.
- Ta i bruk Jupyter Lab og Python.
- Simulering av økonomiske prosessar
- Formatering og visualisering av datasett
- Statistisk analyse og maskinlæring
- Gjenbrukbar kode og automatisering
- Personvern, sikkerheit og etikk
Kurset opnar for at studentane kan velja ulike tema til fordjuping.
Læringsutbytte
- Kunnskap. Etter endt kurs veit kandidaten
- om dei viktigste høve og avgrensingar som programmering, maskinlæring og andre digitale verkty gjev til handsaming og analyse av økonomiske data.
- om nokre viktige kjelder til opne data.
- korleis kunstig intelligens bruker data og kva KI dermed kan og ikkje kan gjera.
- kva lover som avgrenser lagring og bruk av data.
- Ferdigheiter. Etter endt kurs kan kandidaten
- bruka programmering til å henta, formattera, kombinera, visualisera og analysera data frå ulike kjelder.
- Kompetanse. Etter endt kurs kan kandidaten
- finna fram relevante data og velja relevante verkty og metodar for å handtera dei.
- finna, evaluera og ta bruk nye digitale verkty og prosessar i eigen arbeidssituasjon.
- kritisk analysera og tolka kvantitative data i eigen fagkontekst.
Læringsformer og aktiviteter
- Tre samlingar med seminar, øvingar og vegleiing.
- Videoføredrag og videodemonstrasjonar.
- Vegleiingstimar på nett
- Øvings- og prosjektoppgåver
Emnet har obligatorisk aktivitet i form av munnleg presentasjon på ei av samlingane. Detaljert informasjon under "Meir om vurdering".
Obligatoriske aktiviteter
- Muntlig presentasjon
Mer om vurdering
Karakteren vert sett på grunnlag av mappa. Oppgåvetekst og vurderingskriterium vert kunngjorde på opningssamlinga.
For å levera mappa, skal kandidaten ha delteke på midtvegssamlinga, og munnleg presentert og drøfta nokre av løysingane som sidan inngår i mappa. Ved gyldig fråvêr (sjukdom o.l.) eller om presentasjonen ikkje vert godkjend, kan ein fullføra det obligatoriske arbeidskravet på avslutningssamlinga.
Der er ingen ny eller utsett eksamen i emnet. Ved stryk eller friviljug gjentak, må ein ta obligatoriske arbeidskrav og heile mappa på nytt i neste undervisingssemester.
Anbefalte forkunnskaper
Yrkeserfaring som inneber handsaming eller analyse av kvantitative data (rekneskap, finans, demografi eller anna).
Kursmateriell
vert kunngjort på opningssamlinga.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| IIRA2001 | 7,5 sp | Høst 2025 |
| INGA1001 | 2,5 sp | Høst 2025 |
| INGA1002 | 2,5 sp | Høst 2025 |
| IIRA2011 | 4 sp | Høst 2026 |
Fagområder
- IKT og matematikk
- Økonomi og ledelse