course-details-portlet

IELEG1001 - Elektroteknikk 1

Om emnet

Det tilbys ikke lenger undervisning i emnet.

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Skriftlig skoleeksamen 100/100 5 timer HJELPEMIDD

Faglig innhold

Tryggleik ved laboratoriearbeid. Likestraum/-spenning, resistans, effekt. Teknikkar og metodar for analyse av koplingar med likestraum. Ideell operasjonsforsterkar med tilbakekopling. Reaktive komponentar (kapasitans og induktans). Sprangrespons (innkopling og utkopling) for RC, RL og RLC-krinsar. Vekselstraum/-spenning, frekvens, fase, impedans og admittans. Teknikkar og metodar for analyse av krinsar med vekselstraum. Magnetisk kopla krinsar og krinsar med ideell transformator. Filter og frekvenskarakteristikk. Aktiv og reaktiv effekt. Resonans. Trefase. Lab.øvingar der måleinstrument skal brukast. MERKNAD: Emnet inneheld m.a. desse tema innan ingeniørmatematikk: Komplekse tal · Derivasjon · Integrasjon · Lineære differensiallikningar · Oppset av lineære likningar på matriseform

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha ei forståing av dei grunnleggjande elektriske eigenskapane til lineære krinsar. Studentane skal kunna konstruera enkle krinsar etter spesifikasjonar.

KUNNSKAP - Kandidaten skal forstå:

-grunnleggjande eigenskapar til elektrisk ladning, spenning, straum, energi og effekt

-Kirchhoffs straum- og spenningslover

-Nodespenningsanalyse, Sløyfestraumsanalyse

-Analyseteknikkar som superposisjon, Nortons teorem og Thevenins teorem

-korleis enkle forsterkar- og filterkrinsar med operasjonsforsterkar som komponent fungerer

- komponenteigenskapane resistans, kapasitans og induktans

-sprangrespons i RC, RL og RLC -krinsar

-modellering av impedans og admittans v.h.a. kompleks rekning

-modellering av vekselstraum og -spenning v.h.a. visarar

-1. ordens filterkrinsar, bandpassfilter og bandstoppfilter

-balanserte trefasesystem, som IT- og TN-system

-presisjon og avgrensingar i måleinstrument

DUGLEIK - Kandidaten skal kunna:

-bruka nettverksteorem, komponenteigenskapar og grunnleggjande lover i elektrolæra til å rekna ut elektriske storleikar i lineære elektriske krinsar, både likespenning, sprangresponsar og vekselspenning

- konstruera enkle forsterkar- og filterkrinsar med operasjonsforsterkar

-gjera utrekningar av spenning, straum og effekt i balanserte trefasesystem

- gjera utrekninger av elektriske storleika i krinsar med ideelle transformatorar

- gjera utrekningar av elektriske storleikar i krinsar med magnetisk kopling og gjensidig induktans

-forklara korleis IT-system og TN-system er ulike

-konstruera enkle krinsar etter spesifikasjonar og kopling av dei samt kontrollmålingar på dei

-bruka måleinstrument i praktiske målingar og sporing av koplingsfeil

-taka omsyn til og rekna på måleavvik

GENERELL KOMPETANSE - Kandidaten skal:

-kunna bruka grunnleggjande lover og analysemetodar frå dette emnet i etterfylgjande delar av studiet og i arbeidssituasjonar seinare

-kjenna norske og engelske faguttrykk for m.a. teknikkar, komponentar/storleikar og måleiningar

-etterleva tryggleiksinstruksar for laboratoriearbeid

- nytta eit simuleringsverkty for analyse av enkle elektriske krinsar

- rapportera laboratoriearbeid

Læringsformer og aktiviteter

Det skal setjast av timar til førelesningar, øvingar og laboratoriearbeid. I den nettbaserte læringsplattforma skal det gjerast tilgjengeleg læringsressursar som stør opp under undervisninga elles i emnet. Alle obligatoriske skriftlege arbeid skal leverast inn i læringsplattforma. Det er 13-16 rekneøvingar i emnet. 4 av øvingane i haustsemesteret og 5 av øvingane i vårsemesteret må vera leverte inn etter oppgjevne fristar og må vera godkjende for å få gå opp til eksamen. Det er obligatorisk å gjera alle laboratorieoppgåvene med innlevering/godkjenning av journal. Det kan krevjast opptil 2 obligatoriske laboratorierapportar. Laboratorierapportane skal leverast inn i samsvar med oppgjevne fristar og må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.

Obligatoriske aktiviteter

  • Skriftlege øvingar haustsemester
  • Skriftlege øvingar vårsemester
  • Laboratorieøvingar

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav: I haustsemesteret må 4 av 6 skriftlege øvingar vera godkjende, og i vårsemesteret 5 av 7 skriftlege øvingar. 7 av 7 laboratorieøvingar må vera godkjende. Kalkulator av desse modellane: Casio fx-82ES PLUS, Casio fx-82EX, Casio FX9860GII, Casio FXCG20, Citizen SR-270X, Citizen SR-270X College, Hewlett Packard HP30S, Texas Instruments 84 Plus. Formelsamling som ligg ved eksamenssettet

Spesielle vilkår

Forkunnskapskrav

Emnet har studierettskrav. Krev at ein er teken opp på teknologistudiet som emnet er knytt til ved NTNU.

Kursmateriell

Skal kunngjerast når emnet byrjar.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
IELEA1001 10.0 HØST 2019
IELET1001 10.0 HØST 2019
ELEG1001 5.0 HØST 2023
ELEA1001 5.0 HØST 2023
ELEA1002 2.5 HØST 2023
ELET1001 5.0 HØST 2023
ELET1002 2.5 HØST 2023
Flere sider om emnet
Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  10.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I

Undervisning

Undervisningsspråk: Engelsk, Norsk

Sted: Gjøvik

Fagområde(r)
  • Elektronikk
  • Elektroteknikk
  • Elektrofag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for elektrisk energi

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Vår ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 HJELPEMIDD 13.05.2024 09:00 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
M433-Eksamensrom 4.etg Mustad, Inngang A 10
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU