Emne - Spesialiseringsemne i fransk språkvitenskap - FRA3211
Spesialiseringsemne i fransk språkvitenskap
Nytt fra studieåret 2019/2020
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet inneheld følgjande komponentar:
-Fransk grammatikk (2/3 av emnet)
-Variabelt språkvitskapeleg tema (1/3 av emnet).
Arbeidet med grammatikk og andre språkvitskaplege tema skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
-har kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk
-har innsikt i tilnærmingar til studien av språkbruk eller språklæring.
Dugleik
Studenten
-er i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
-er i stand til å diskutera ulike teoriar om språkbruk eller språklæring og trekke teoriane inn i eigne analysar.
-er i stand til å analysere setningsstrukturar og forskjellige aspekt ved språkbruk eller språklæring.
Generell kompetanse
Studenten har eit grunnlag for å arbeide med moderne fransk grammatikk og teoriar om språkbruk eller språklæring på ein vitskapeleg måte.
Læringsformer og aktiviteter
Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølv delta aktivt i undervisninga, for eksempel ved å leggje fram eller diskutere artiklar, eigne analysar eller anna fagstoff.
I det vesentlege blir det nettbasert undervisning i samarbeid mellom UiB og NTNU.
Obligatorisk undervisningsaktivitet:
For å kunna ta eksamen i emnet må studentane
1.få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk som blir gitt i samband med undervisninga.
2.delta på eit seminar om vitskapleg kjeldebruk, i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Obligatoriske aktiviteter
- 1 godkjent øvingsoppgave i grammatikk som blir gitt i samband med undervisninga
- Delta på et seminar om vitenskapleg kjeldebruk
Mer om vurdering
Eksamen er ei tre vekers oppgåve med oppgitt tema.
Oppgåva omfattar begge disiplinane: Grammatikk på om lag 2000 ord og anna språkvitskap på om lag 1000 ord. Grammatikk tel 2/3 og språkvitskap tel 1/3 av samla karakter.
Anbefalte forkunnskaper
Emne på FRA1000- og FRA2000-nivå eller tilsvarande.
Kursmateriell
Pensum vil vere klart ved semesterstart.
Fagområder
- Fransk språk
- Fransk
- Fransk språkvitenskap
Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Vår 2020
Hjemmeeksamen
Innlevering 05.06.2020 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 12:00 Varighet 3 uker Eksamenssystem Inspera Assessment