Emne - Formidling B - DANS4131
Formidling B
Undervises ikke studieåret 2010/2011
Om
Om emnet
Faglig innhold
Studenten skal få djuptgåande innsikt i ulike sider av kunstnarlege prosessar med tradisjonsdansen som utgangspunkt. Emnet vil ha vekt på innføring i koreografiske teknikkar og formidling og skaping av danseuttrykk og kunstnarlege idèar. Vidareføring av emner som koreografisk innstudering, scenisk nærvære, skapande arbeide, improvisasjon, dramateknikkar, dramaturgi, regi, scenografi og stemmebruk. Studentane vil få arbeida med ulike koreografar. Studenten skal delta i utvikling og framføring av ein avsluttande danseproduksjon.
Obligatorisk kurs: Kurset Kunst, tradisjon og estetikk vil bestå av ei forelesingsrekke som gjev innføring i kunstteori, enkelte djupdykk i scenedansens historie og estetisk teori. Noko av undervisinga vil vera sams med DANS 2001 Dansens historie og estetikk. Evaluering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervisning/førelesningar og innlevering av skriftleg oppgåve (bestått/ikkebestått).
Læringsutbytte
Studiemålet er å utvikla seg i rolla som utøvande dansar, og kunna skapa presentasjonar og kunstnarlege uttrykk av dans med ulike ensemble og for ulike publikumsgrupper.
Læringsformer og aktiviteter
Obligatorisk felles-, gruppeundervisning og workshops. Offentleg eksamenspresentasjon av eigendefinert danseproduksjon med lengde 20-40 minutt.
Obligatoriske aktiviteter
- Tilfredsstillande deltaking i undervisning og utvikling av danseproduksjon.
- Skriftleg oppgåve
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Dansevitenskap (BDANS)
Forkunnskapskrav
Fullført DANS4120 eller tilsvarande.
Fagområder
- Dansevitenskap