Emne - Fordypningsemne i litteratur før 1800 - ALIT2202
Fordypningsemne i litteratur før 1800
Om
Om emnet
Faglig innhold
Det faglege innhaldet i emnet - tema og teori - vil variere frå studieår til studieår. Emnet gir eit vidaregåande kurs i avgrensa emne innafor den europeiske litteraturen frå antikken til den tidlege romantikken.
Emnet kan setta søkjelys på ein bestemt epoke, eit straumdrag eller ein sjanger (antikkens tragediar, den gotiske skrekkromanen, klassisismens litteratur, den pikareske romantradisjonen osv.), eller vera tematisk avgrensa mot sosiale, motiviske eller idéhistoriske problem.
Emnet kan også sette lys på tverrestetiske samanhengar innafor ein viss periode (til dømes barokkens kunst, musikk og litteratur) eller gjensidig påverknad og tilpassing mellom litteratur og andre media.
Læringsutbytte
Kandidatane sine kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- har spesialisert kunnskap om eit avgrensa emne frå antikken til 1800
- forstår og kan reflektere over litteraturen i ein større estetisk, historisk, sosial og kulturell samanheng
- kan formidle fagstoffet kritisk og sjølvstendig i skriftleg og munnleg form
- kan formulere ei problemstilling ut frå ein gitt oppgåve og skrive ein akademisk fagtekst
Læringsformer og aktiviteter
Undervisningsform: Forelesingar/seminar. Det krevst aktiv munnleg deltaking av studentane.
Obligatoriske aktivitetar:
Godkjend(e) munnleg(e) og/eller skriftleg(e) oppgåve(r) og/eller test(ar) (vert fastsett av emneansvarleg).
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjend(e) munnleg(e) og/eller skriftleg(e) oppgåve(r) og/eller test(ar)
Mer om vurdering
Vurderingsform:
2-vekers heimeoppgåve på 12-15 sider.
Anbefalte forkunnskaper
Basisemne i allmenn litteraturvitskap eller anna relevant utdanning tilsvarande 60 studiepoeng.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet er tilgjengeleg ved semesterstart.
Studentar som følgjer standard pensumliste på emnet skal ikkje levere pensumliste til instituttet. Studentar som meiner seg berettiga til å følgje eit alternativt pensum, kan søkje om det ved å levere ei pensumliste til godkjenning ved instituttet. Frist: 10 oktober i haustsemesteret og 10. mars i vårsemesteret.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| HFALIT205 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap
Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Høst 2019
Hjemmeeksamen
Innlevering 09.12.2019 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 12:00 Varighet 14 dager Eksamenssystem Inspera Assessment
Ordinær eksamen - Vår 2020
Hjemmeeksamen
Innlevering 19.05.2020 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 12:00 Varighet 14 dager Eksamenssystem Inspera Assessment