ALIT1102 - Litteraturen fra 1500 til 1800

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Skriftlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Skriftlig eksamen 100/100 6 timer

Faglig innhold

Emnet gir ei innføring i fleire av dei kunstnarisk største og mest fargerike epokane i historia til Europa, som renessansen, barokken, klassisismen og opplysningstida.

Dei viktigaste forfattarane og verka studenten blir kjend med, er Shakespeares Hamlet, Cervantes Don Quijote, Molières Tartuffe, Racines Fedra, Prévosts Manon Lescaut og Goethes Faust. Eit representativt utval av lyrikken frå desse hundreåra dannar saman med teoriar om diktekunsten basis for ei tverrestetisk forståing av dei stilepokane som kurset omfattar. Dette inneber at undervisninga vil trekke relevante parallellar til andre kunstartar innanfor ein meir allmenn historisk, filosofisk og samfunnsmessig samanheng.

Læringsutbytte

Kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- kjenner hovudlinjene i den vestlege litteraturen frå 1500 til 1800
- har spesiell kunnskap om sentrale enkeltverk innanfor epikk, lyrikk og dramatikk og generell kunnskap om utviklinga og poetikken til sjangrane
- forstår litteraturen i ein større estetisk, historisk og kulturell samanheng
- har kjennskap til utviklinga til dei litterære hovudsjangrane i ei samfunnsmessig kontekst
- kjenner til og kan bruke grunnleggjande litteraturvitskapelege analyseverktøy
- kan gjennomføre ein litterær analyse og formidle sentralt fagstoff i skriftleg form

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.

Emnet blir undervist som blokkundervisning i 6 uker fra oktober til november.

 

Obligatorisk aktivitet:

1-2 obligatoriske aktivitetar, inkludert minst ei godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.

Obligatoriske aktiviteter

  • 1-2 obligatoriske aktivitetar

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Kursmateriell

Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet.

Studentar som vil leggje opp eit pensumforslag frå eit tidlegare semester kan gjere det ved å levere pensumlista til godkjenning ved instituttet innen gitte fristar.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
HFALIT102 15.0

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Skriftlig eksamen

Termin Statuskode Vurderingsform Vekting Hjelpemidler Dato Tid Rom *
Høst ORD Skriftlig eksamen 100/100 01.12.2017 09:00 D12 , D7 , Datasal 10345
Vår ORD Skriftlig eksamen 100/100
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato.
Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.