Ambisjon 1
IKM skal vera eit attraktivt akademisk fellesskap for tilsette og studentar
IKM skal vera eit attraktivt institutt for både studentar og tilsette. Tilsette skal trivast på jobb, og kjenne på at dei får bruka sin kompetanse og sine evner til beste for instituttet og det faglege fellesskapet.
Det skal leggjast til rette for samanhengande forskingstid og mobilitet for tilsette med forskingstid i stillingane. Vi skal ha klåre og rettferdige prosedyrar for forskingstermin, slik at vitskapleg tilsette med forsking i stillinga får sjansen til å ha forskingstermin med jamne mellomrom.
Arbeids- og læringsmiljøet skal vera inkluderande, og det skal vera stor takhøgde for ulike synspunkt. Utanlandske tilsette får tilbod om norskopplæring, noko som gjev dei gode føresetnader for å bli godt integrerte og inkluderte i alle sider ved instituttet si verksemd.
Mellombels tilsette (stipendiatar) skal verta godt integrerte i instituttet som eit akademisk fellesskap ved at dei blir invitert inn i både forskargruppe og faggruppe.
Instituttet skal ha best mogleg vilkår for å utføre kjerneverksemda på ny campus. Vi skal ha hensiktsmessige arbeidsplassar som legg til rette for god kontakt mellom tilsette og mellom tilsette og studentar. Vi skal ha gode, velfungerande spesialareal og ein utstyrspark som gjer at vi kan ha bransjestandard på dei praktiske/kunstnariske utdanningane våre. Det skal sørgast for at kvaliteten på undervisningsrom og utstyr på Dragvoll blir opprettheldt i tida før flyttinga.
