Bakgrunn og aktiviteter

Frå 1. juli 2020 er Marek Thue Kretschmer leiar for Det norske universitetssenter i Paris
 
Marek Thue Kretschmer har ei tre-årig pedagogisk høgskoleutdanning frå Italia (1994-97) og er cand. mag. (1999) og cand. philol. (2001) i klassisk filologi frå Universitetet i Bergen der han var knytt til forskargruppa Construction of the Past (2003-12) leia av professor Lars Boje Mortensen som også var rettleiar for doktoravhandlinga til Kretschmer, Rewriting Roman History in the Middle Ages (2006).
Kretschmer vart tilsett ved NTNU som fyrsteamanuensis i latin i 2006 og som professor i 2011. Han har ein brei vitenskapeleg produksjon innanfor den latinske litteraturen og har presentert forskinga si i fleire samanhengar både nasjonalt og internasjonalt, blant anna ved Universitetet i Bergen (2005, 2010, 2011, 2014), Göteborg (2007), York (2009, 2016), Napoli (Suor Orsola Benincasa, 2010), Sofia (2011), London (King’s College, 2012), Uppsala (2012), Madrid (Complutense, 2012), Paris (FMSH 2012, IHA 2014, Nanterre 2017, Sorbonne Nouvelle 2018), Siena (2013), Odense (2015, 2017), Stockholm (2016), Leeds (2018), Lyon (École Normale Supérieure, 2018; Université Lumière Lyon 2, 2021), Praha (2018), Roma (Universitá degli Studi Internazionali, 2017; Svenska Institutet i Rom 2019; École française de Rome, 2019), Dijon (Université de Bourgogne, 2019) og Sassari (2019).
Kretschmer har hatt fleire akademiske verv og vart i 2013 valt inn som medlem av Società Internazionale per lo Studio del Medioevo Latino og av DKNVS i 2017. Han er redaksjonsrådsmedlem i dei internasjonale tidsskrifta TroianalexandrinaRivista di Cultura Classica e Medioevale og Interfaces: A Journal of Medieval European Literatures og for bokserien Testi. Antichità, medioevo e umanesimo (Università di Napoli Federico II)
 
Liste over utvalde publikasjonar på engelsk profil.
 
Rettleiing
Kretschmer rettleier studentar som ynskjer å skrive ei master- eller doktoravhandling om eit emne relatert til 1) klassisk latinsk litteratur og resepsjonshistorie 2) mellomalderlatinsk litteratur 3) mellomalderfransk litteratur. Ta gjerne kontakt via marek.kretschmer@ntnu.no eller bank på døra til kontor 6429A på Campus Dragvoll.