Ingrid Marie Finnset Heiene
Om
Eg skriv doktorgrad ved Institutt for Språk og Litteratur. Doktorgradsprosjektet mitt undersøker om endringar i bruken av bestemtheit og kasus i mellomnorsk (språksteget mellom norrønt og moderne norsk, ca. 1350 — ca. 1550) heng saman med flyttingsmoglegheiter i nominalfrasen i den same tida:
I nokre analysar av norske nominalfrasar har det blitt hevda at bestemtheit er med på å markere ein frase som referensiell, dvs. knytt til ein bestemt referent. Visse forskjellar mellom norsk og islandsk nominalfrasesyntaks har blitt forklart med at islandsk syntaks bruker kasus til same føremål. Dette burde i så fall også vere tilfelle i norrønt. Norrønt har mykje mindre bruk av bestemtheit enn moderne norsk har. Samtidig har språket eit system med fire kasus. Viss det stemmer at ein i mellomnorsk periode altså begynte å markere referensialitet ved hjelp av bestemtheit i staden for ved hjelp av kasus - er dette ei endring vi kan spore i tekstmaterialet vi sitt på? Og kva fortel det oss om måten nominalfrasar er skrudd saman på? Dette er hovudspørsmålet i prosjektet mitt.
Rettleiarar for prosjektet er Ivar Berg (NTNU), samt Marit Julien (Lunds Universitet) og Terje Lohndal (NTNU, UiT). Prosjektet skal vere ferdigstilt vinteren 2023.
Før eg starta på prosjektet tok eg utdanning som lektor i nordisk, med tysk som andrefag, og opprykk i historie frå UiT. Eg har også arbeidd som transkribør for LIA-prosjektet ved NTNU, og eg har vore guide i Nidarosdomen.
Aktivitet
I 2019 hadde eg ansvar for masterverkstaden til ISL (https://www.facebook.com/groups/masterverkstedisl).
I 2019 og 2020 førelas eg om framandspråkas og andrespråkas historie i Noreg i faget SPRÅK1200 - Framandspråk og samfunn.
Eg underviste om komparativ syntaks i NORD1102/NORD6102 - Grammatikk og pragmatikk i 2019, 2020 og 2021, og har også sydd saman kompendiet om komparativ grammatikk som blei brukt i emnet. I 2020 og 2021 underviste eg i norsk språkhistorie (eldre og yngre) i NORD1106 - Språkhistorie og talemål. Det siste emnet var eg også emnenansvarleg for våren 2021, og eg har tatt del i eksamenssensuren i begge emna.
I 2022 var eg på trykk i Målungdommens blad Motmæle (nr. 1/22, 36. årgang) med ei utlegning om det da nyss normerte pronomenet 'hen', som starta som denne twittertråden.
Kompetanseord
Publikasjoner
2016
-
Eide, Kristin Melum;
Heiene, Ingrid Marie;
Berg, Ivar.
(2016)
"Omskriving for den ubrugelige genitiv". Om utviklinga av sin-possesiven, sett i lys av genitivbortfallet i mellomnorsk.
NTNU
Mastergradsoppgave
Rapport
-
Eide, Kristin Melum;
Heiene, Ingrid Marie;
Berg, Ivar.
(2016)
"Omskriving for den ubrugelige genitiv". Om utviklinga av sin-possesiven, sett i lys av genitivbortfallet i mellomnorsk.
NTNU
Mastergradsoppgave